Underskot på tross av auka inntekter

Økonomisk rapport for november:

Regnskapet for november viser at Helse Møre og Romsdal har høge inntekter, men har likevel eit underskot på 15 millionar kroner mot prognose.
 

Økonomidirektør Heidi Nilsen


Underskotet i helseføretaket er hovedsakleg knytt til høgare lønns- og varekostnader, men det er ei positiv utvikling i tilknyting til lavere bemanning. Dei pasientrelaterte inntektene er også positive, og det er ein nedgang i utskrivningsklare pasienter.
- Likevel, slik eg vurderer det har, den underliggande drifta ei litt for høg hastigheit inn i 2020, seier økonomidirektør Heidi Nilsen, og legg til at det bekymrer ho inn i budsjettet. Novemberresultatet rokker også ved forutsetninga om ei prognose på eit underskot på 80 millioner kroner i 2019.

I langtidsbudsjettet har styret vedtatt eit overskot på 60 millionar kroner for 2020. Risiko til måloppnåing er mellom anna knytta til resulatet for 2019, styring av ansettelser i vakante stillinger, kostnader knytta til vedlikehald av infrastruktur og medisinteknisk utstyr. Og ikke minst krever store prosjekter som SNR og Helseplattformen ressurser og fokus.

-Min vurdering, ut fra risikoen i budsjettet, er at vi bør reduserere resultatkravet til 30 millionar kroner for 2020, og øker tilsvarende avsetningen for uforutsatte kostnader med 30 millionar kroner, seier Nilsen.


Administrerendedirektør Øyvind Bakke


Administrende direktør Øyvind Bakke framhever at Helse Møre og Romsdal har meir å gå på innan optimalisering.
- Vi har sikkert noko å gå på innan bemanningsplanar, flyt og logistikk, seier Bakke, og legg til at det blir månedlege møter med ledere og kontrollere i organisasjonen.
- Eg er heilt sikker på at det er mange små grep å ta utan, at det skal nødvendigvis gå på bemannning.

Nilsen framhevar at det har vært gode møter med alle klinikkane, og det har vert arbeidd godt med å redusere kostnadar i haust i forlenging av omstillingssprosessen.

Dei økte varekostnadane er knytta til auka bruk av legemidlar, samt at kostnadene til behandlingshjelpemiddel har auka gjennom året. Føretaket har til dømes hatt auka kostnader til innleige av jordmødre og operasjonssjukepleiarar. Utbetalte månedsverk har dei siste månadene vore lågare enn i fjoråret, men innleige av personell har vore dyrare enn ønskjeleg.