Utbrudd av alvorleg lungebetennelse i Møre og Romsdal

Fleire pasientar har blitt behandla på sjukehusa i Møre og Romsdal som følge av pneumokokk-utbruddet.

Langsten verft i Vestnes kommune (Faksimile: Google Maps)

Frå februar og til i dag har 16 pasientar blitt innlagt på sjukehusa i Molde og Ålesund med alvorleg lungebetennelse.

Dei fleste av desse er utenlandske gjestearbeidarar frå Langsten verft i Vestnes kommune.

Bare i løpet av den siste veka har det blitt lagt inn sju pasientar i Ålesund og Molde, alle med påvist eller mistanke om alvorleg lungebetennelse forårsaka av pneumokokker.
 
- Dette styrkar mistanken om at dette er eit pågåande utbrudd, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal.

Låg terskel for antibiotikabehandling

Før helga hadde Longva, saman med kommuneoverlegen i Vestnes, Folkehelseinstituttet og Arbeidstilsynet møte for å diskutere tiltak.

- Vi har varsla alle legevaktane i området, dei prehospitale tenestane samt akuttmottaka på sjukehusa i Molde og Ålesund. Anbefalinga vår er at det skal vere låg terskel for å starte antibiotikabehandling eventuelt innleggelse i sjukehus ved kontakt med legekontor eller legevaktar, seier Longva.
 

Jørn-Åge Longva

Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal

Skal få tilbod om vaksine

Folkehelseinstituttet bistår no kommunehelsetenesta i Vestnes med smittevern- og vaksineråd, og arbeiderane på verftet skal få tilbod om vaksine.

- Folk som har jobba på verftet eller vore innom der, som har blitt dårlige med feber, redusert allmentilstand eller  har symptom på lungebetennelse, bør ta kontakt med fastlege eller legevakt, seier Longva.

Vard bekrefter overfor Helse Møre og Romsdal at de er i gong med ein plan for vaksinering av samtlige tilsette. Dei informerer no tilsette og underleverandørar fortløpande om situasjonen, og sjølve vaksineringa vil foregå på Langsten verft.  

Dei som har spørsmål om vaksineringa, kan ta kontakt med Vard på telefon 70 21 06 00

Ifølge Folkehelseinstituttet er det ikkje grunn til å anta at lokalbefolkningen og andre som ikkje eksponerast gjennom arbeidet er utsett for auka smittepress.