Vannlekkasje i fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus

Det er vannlekkasje på to av fire fødestuer i fødeavdelinga ved Ålesund Sjukehus. Lekkasjen kan føre til redusert kapasitet ved avdelinga.

​- Fødande som skal føde ved Ålesund Sjukehus må ta kontakt med avdelinga som planlagt, men må vere førebudd på å bli tilvist til andre sjukehus for fødsel, seier avdelingssjef ved avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdomar Janita Skogeng.

Vannlekkasjen har ramma to fødestuer, men gjennom å omdisponere areal så det er kun ei fødestue som er ute av drift framover.

Allmennteknisk avdeling ved sjukehuset arbeider med å kartlegge omfanget av lekkasjen, og konsekvenser dette vil ha for drifta ved fødeavdelinga dei næraste dagane. Om det blir redusert pasientkapasitet ved fødeavdelinga i Ålesund, kan fødande bli sendt til sjukehusa i Volda eller Molde.