Vedtok å samle fødetilbodet i Molde

Styret vedtok onsdag å slå saman fødetilbudet i Molde og Kristiansund, men ønsker at direktøren kjem tilbake med ein overordna plan for å styrke Kristiansund sjukehus i lys av dette vedtaket.

Frå styremøtet på NMK 27. mars

Etter mykje diskusjon, landa styret i Helse Møre og Romsdal til slutt på eit vedtak om å slå saman fagmiljøa og samle fødetilbodet i Molde med verknad frå 19. august, samtidig som ein ber direktøren om å kome tilbake med ein heilskapeleg plan for funksjonsdeling mellom Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus i interimsfasen fram mot innflytting i SNR. Denne funksjonsdelinga må også sjåst i samanheng med funksjonsdelinga ein arbeider med i resten av helseføretaket.

- Det er viktig å skape eit samarbeidsklima mellom sjukehusa i Molde og Kristiansund, sånn at vi sikrer at vi totalt sett har to sjukehus med store, tunge oppgåver. Ellers ender vi opp med eitt sjukehus som veks og eitt som forvitrar, sa styremedlem Nils Kvernmo.

Vil avgrense uro

Kvernmo ville først vente med å beslutte lokalisering til ein hadde ein meir tydeleg overordna plan for korleis ein kan styrke begge sjukehusa, slik at ein kan få fagmiljøa frå begge sjukehusa med inn i SNR på ein konstruktiv måte.

Det var imidlertid tilsettrepresentantane imot, når styret likevel ville vedta ei samanslåing.

Klinikksjef Henrik Erdal og avdelingssjef Janita Skogeng  i Klinikk for kvinner, barn og ungdom

Klinikksjef Henrik Erdal og avdelingssjef Janita Skogeng i Klinikk for kvinner, barn og ungdom

 
- Når styret likevel går for å vedta ein samanslåing, så er mitt mål å avgrense uro mellom fagmiljøa. Og der meiner eg nye utsettinger eller utredningar av lokalisering ikkje er fornuftig, sa tilsettrepresentant Sigurd Torvik Heian som i utgangspunktet stemte for ei utsetting av fødesamanslåinga til ein er nærare innflytting i SNR.

Rehabilitering

Administrerande direktør Espen Remme ba om å få trekke saken om rehabilitering, og kome tilbake med ein ny plan for rehabiliteringsområdet i helseføretaket i maimøtet.
 
- Vi ønsker å gå i dialog med kommunane rundt moglegheiten for privat drift av Aure. Når det gjeld Mork  er intensjonen å vidareføre samarbeidet med kommunane som tidlegare har uttrykt eit sterkt ønske om å bevare kompetansen og moglegheitane som ligg der, sa Remme.

DPS og outsourcing

Styret vedtok å flytte døgnsengane frå DPS Sjøholt til DPS Vegsund, samtidig som ein styrkar det ambulante tilbodet på DPS Sjøholt. Fleirtalet i styret vedtok også ein outsourcing av reinhaldet i Nordmøre og Romsdal.

I dag blir reinhaldstenestane i Ålesund og Volda levert av ein ekstern aktør.

- Dersom føretaket gjennom kravspesifikasjon til ekstern leverandør tar hensyn til dei risikoreduserande tiltaka frå ROS-analysen som gjeld kvalitet, fleksibilitet og kompetanse,  så vil risikoen ved eksternt reinhald vere svært liten, sa klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen då ROS-analysen vart lagt fram.

Krevjande tid

Remme var tydeleg på at det har vore ei krevjande tid. 

- Det helseføretaket står i no har skapt eit valdsamt engasjement fra sør til nord, og eg registrerer ein dyp bekymring for tenestetilbodet i HMR. Det som er utfordrande å formidle, er at HMR har gitt eit godt fagleg tilbod, men vi har gjort det på bekostning av den økonomiske bærekrafta. Da må vi som leiing ta ansvar. Det vi har gjort no er å byrje på dei 471 millioner kronane som ligg i den kostnadsreduksjonen vi skal ha over dei neste tre åra. Dette er første runde og det kjem fleire rundar. Det må fleire tiltak på bordet for at vi skal lukkast med kostnadsreduksjonen, sa Remme.