- Ferdigstille konkurransegrunnlag for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset
- Hente inn ny kompetanse i utbyggingsorganisasjonen
- Planleggje ein medverkingsprosess for å sjå på ulike arealendringar og konsekvensar
- HMR vil ha dialog med Helse Midt-Norge om risikoane i prosjektet og for å kvalitetssikre at dei økonomiske føringane for prosjektet blir tydelege for alle partar
- Organisasjonsutviklingsarbeid
- Vidareutvikle DMS-prosjektet i Kristiansund
Ny konkurranse
I februar vil det bli gjennomført eit dialogmøte med marknaden for å få innspel og informere om den nye konkurransen som vil bli lyst i april. Målet er å inngå kontrakt med ein totalentreprenør før sommaren slik at samhandlinga kan starte opp hausten 2019. I samhandlingsfasen vil entreprenøren jobbe tett saman med prosjektorganisasjonen for å identifisere kostnadsoptimaliserande tiltak.
Arbeidet vil innebere at bruttoarealet blir optimalisert og da mellom anna tekniske areal, krypkjeller, kulvertar og parkeringsareal. Nettoarealet må også vurderast og kan bli redusert med inntil 1500 m2 utan at ein endrar funksjonar eller kapasiteten i programmet. HMR-tilsette og brukarar blir involvert i arbeidet for å sikre gode løysingar for pasientar, tilsette og for drifta.
Framdriftsplan
Det vil ta mellom 14-20 månadar frå vedtak om ein ny konkurranse til byggestart for akuttsjukehuset. Framdrifta kjem an på tida det tek før ein entreprenør er kontrahert, samt tida samhandlinga tek. Ny byggestart er anslått til siste halvår 2020, med ferdigstilling av akuttsjukehuset i 2023.
Ny kompetanse
Det er behov for å styrke kompetansen og kapasiteten i utbyggingsorganisasjonen og ein vil inngå ein rammeavtale med eit eksternt kompetansemiljø som kan delta i prosjektet. Sentrale ressursar i det vidare arbeidet vil vere den nye prosjektdirektøren og utbyggingssjefen for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset.
Medverknadsarbeid i HMR
HMR-tilsette og brukarar skal delta i vidareutviklinga av prosjektet og det vil bli utarbeidd ein plan for korleis medverknadsarbeidet skal gjennomførast.
Organisasjonsutviklingsarbeid
Nye konsept som er valt for SNR gjer at HMR sin organisasjonen må førebu seg på å endre ein del av interne arbeidsprosessar og pasientforløp. Dei pågåande OU-prosjekta har positiv framdrift og i løpet av 2019 vil fleire prosjekt bli starta opp.
Pågåande OU-prosjekt er:
- 8 timer effektiv drift innan poliklinikk og dagbehandling
- Korttidspost
- Fleksible arbeidstidsordningar i SNR
DMS-prosjektet i Kristiansund
Helse Møre og Romsdal jobbar saman med Kristiansund kommune og ORKidé om å utvikle eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Prosjektleiar for DMS-prosjektet er Ann Iren Kjønnøy som leiar prosjektgruppa som har representantar frå Kristiansund kommune, ORKidé – Nordmøre Regionråd, RoR - Romsdal Regionråd og Helse Møre og Romsdal.
Fire arbeidsgrupper er sett ned for å kartleggje og vurdere ulike tilbod og aktørar som er aktuelt å samle i eit DMS.
Dei fire arbeidsgruppene er:
- Spesialisthelsetenesta i DMS
- Tenester frå Kristiansund kommune inn i DMS
- Rus/psykiatri
- Interkommunale tenester i DMS
Arbeidsgruppene skal levere kvar sin rapport som grunnlag for vidare arbeid i mai 2019.