Vil bygge på grunnlaget frå Remme

Tre dagar etter at Nils Kvernmo (64) blei konstituert i direktørstillinga, er han tydeleg på at han vil bygge vidare på arbeidet som er gjort tidlegare.

Nils Kvernmo

Nils Kvernmo

 

Tysdag denne veka hadde Kvernmo sitt første møte med leiargruppa og saman arbeider dei med å førebu sakene opp mot styremøtet den 15. mai. Signalet frå ny-direktøren er at han håpar alle vil vere med framover, brette opp ermene og bruke kjennskapen og kunnskapen ein har for å bygge opp ein motivasjon for å få til endringar i lag.

- Eg har hatt gode og konstruktive møte med leiargruppa, og skal ha ein til ein samtalar med kvar enkelt av dei i neste veke. Eg skal også møte dei føretakstillitsvalte. Målet mitt er å få til møte ute på sjukehusa så raskt som mogleg. Skal vi lykkast med å nå måla må vi løfte i flokk, for ein direktør vil ikkje lykkast aleine, seier Kvernmo. 

Forstår at tilsette er urolege

Kvernmo meiner at det er gjort eit betydeleg forbetrings- og omstillingsarbeid i HMR. Han er samtidig opptatt av situasjonen som tilsette står i. Alle endringar tar merksemd og energi, og Kvernmo ønskjer derfor å sikre gode prosessar i tida framover med mål om å snu den negative økonomiske utviklinga.

- Eg forstår at tilsette er urolege for kva som kan skje, det er naturleg å tenke slik i ein situasjon med så store endringar. Bestillinga frå styret ligg fast og vi må få økonomisk berekraft. Vi har ein forplikting til å drive innanfor dei økonomiske rammene og det er nøkkelen til å ha kontroll på eiga framtid og til å kunne investere i utstyr og vedlikehald av bygg. Eg har likevel tru på at vi skal greie omstillinga ved å  bygge på det fundamentet som Espen Remme har lagt, seier Kvernmo

SNR og fødesaka

På spørsmål om kva som skjer vidare med fødesaka seier han at han vil legge fram eit forslag om å utsette tidspunktet for ei samanslåing av fødeavdelingane i tråd med signala frå førre direktør.

Når det gjeld arbeidet med SNR så er Kvernmo klar.

- Planlegginga av SNR inkludert DMS-et i Kristiansund må halde fram som planlagt da det ein viktig del av den framtidige løysinga for HMR. Neste veke blir det lyst ut ein ny tilbodskonkurranse for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset der målet er å inngå kontrakt med ein entreprenør til hausten, seier Kvernmo.

Kvernmo satt først som styreleiar for St. Olavs hospital i tre år, før han blei tilsett som administrerande direktør - ei stilling han hadde i åtte år. Sidan 2018 har han vore direktør for eigarstyring i Helse Midt-Norge.

Stillinga som adm.dir. i HMR vil bli lyst ut så snart som mogleg.