Vil justere ordlyden i styrevedtak om nedbemanning

I eit ekstraordinært styremøte tysdag 15. januar vil styret i Helse Møre og Romsdal justere ordlyden i vedtaket om nedbemanning som blei gjort 4. desember.

I vedtaket i desember ba styret administrerande direktør om å gjennomføre ei nedbemanning på 200 årsverk med økonomisk effekt så tidleg som mogleg i 2019.

- Ønsker å gjere nokre presiseringar

Vedtaket har skapt mykje uro og har også ført til reaksjonar blant arbeidstakarorganisasjonane.

- Vi er gjort merksam på at ordlyden i vedtaket kan bli misforstått. Styret har føresett at helseføretaket gjer omstillinga i tråd med lovar, overeinskomstar og krav til prosess, herunder konsekvens og risikovurderingar som er gjeldande for helseføretak, så derfor ønsker vi å gjere nokre presiseringar i vedtaket, seier styreleiar Ingve Theodorsen.

- Abeidsgivarorganisasjonen Spekter har mottatt krav frå LO, YS og Unio om tvistemøter med påstand om at Hovudavtalen er broten. Styret har derfor valt å ta opp saken på nytt, slik at vi får presisert at omstillinga skal følgje dei lover som gjeld for arbeidslivet, seier styreleiaren.

Les saksframlegget her.

Telefonmøte

Det ekstraordinære styremøtet 15.01.2019 kl 13:00, gjennomførast som telefonkonferanse. Møtet er opent for alle, men konferansen vil bli satt i lyttemodus for andre enn styremedlemmar, administrerande direktør og styresekretær.

Ring: 800 88 860  (fra utlandet: +47 23 18 45 00)

Tast inn PIN-kode: 787470#

Vi har dessverre ikkje moglegheit til å bistå ved påkoblingsproblemer. Media har frå før eigen kontaktperson dei kan kontakte ved behov. Styremøtet vil etter planen bli kortvarig og protokoll frå møtet leggast ut på styreadministrasjonsida snarleg etter at møtet er avslutta.