Vil knekke koden bak aggressiv kreftform

Hege Elvebakken er med på å kartlegge genane bak ei av dei mest aggressive kreftformene. Det kan bidra til å skilje mellom ulike variantar av sjukdomen, og gi meir persontilpassa behandling.

I aggressive kreftformer er det ofte mange gen-endringar. Vi vil finne dei som driv utviklinga av sjukdommen, seier overlege og

I aggressive kreftformer er det ofte mange gen-endringar. Vi vil finne dei som driv utviklinga av sjukdommen, seier overlege og ph.d.-kandidat Hege Elvebakken.

Nevroendokrine celler finst i heile kroppen og fungerer som eit samband mellom nervesystemet og hormonsystemet.
Cellene tek imot signal frå nervesystemet, og kan skilje ut ulike hormon som er med på å styre mange av funksjonane i kroppen. Nevroendokrin kreft kan oppstå i alle organ, men startar oftast i lunger, tarm, mage eller bukspyttkjertel. Dei mest aggressive formene for nevroendokrin kreft kallast nevroendokrine karsinom. Dei er sjeldne og alvorlege.

Vil spisse behandlinga
Ved diagnosetidspunktet har nevroendokrine karsinom oftast allereie spreidd seg.
– Denne typen kreft har ofte ei aggressiv utvikling, og det er viktig å kome raskt til med behandling, seier Hege Elvebakken, overlege i onkologi ved Kreftavdelinga.

Dei siste tiåra har det ikkje vore betring i overlevinga for denne pasientgruppa. Effekten av cellegiftbehandling er variabel. Det er mykje som tyder på at nevroendokrine karsinom kan delast inn i ulike undertypar som krev ulik
behandling og har ulike prognosar.
– Vi ønsker å spisse den framtidige behandlinga langt betre enn vi klarer i dag, seier Elvebakken.

Nordisk gruppe
Dei styrande gen-endringane, også kalla mutasjonar, er ikkje godt kartlagt for nevroendokrine karsinom. Med pasientdata frå heile Norden er Elvebakken no med på denne viktige kartlegginga. På 1990-talet danna nordiske legar Nordisk Nevroendokrin Tumorgruppe. I ei årrekkje har dei registrert
pasientar med denne krefttypen. Registeret har om lag 800 pasientar, og er det største i verda for denne krefttypen.
Elvebakken ser på registerdata frå 2013- 2017.
– Blant gen-endringane vi finn i kreft, er det nokre som berre er blindpassasjerar, og andre som styrer utviklinga av sjukdomen. Vi vil sjå på koplinga mellom gen-endringar og dei kliniske opplysingane, fortel Elvebakken.

Det kan vere koplingar mellom mutasjonar, organet som var utgangspunktet for sjukdomen, behandlinga og kva effekt pasientane hadde av denne. Sjølve kartlegginga av genane blir gjort i Bergen. Elvebakken er med på førebuingar,
etterarbeid og samanstilling med kliniske data.

Velje beste medisin
Ved å sjå gen-endringar opp mot effekten av behandling, håper ho å kunne bidra med kunnskap som kan føreseie effekten av behandling, og dermed også brukast til å gjere gode behandlingsval.
– Det kan for eksempel vere ein type gen-endringar som går igjen hos pasientar som har god effekt av behandlinga.

Vi håper å finne mønster som langt betre kan hjelpe oss å skreddarsy framtidig behandling, og forhåpentleg også forlenge levetid, seier Elvebakken. Dagens kreftbehandling rettar seg i stor grad etter kva organ kreften starta i.
– Framover kan det bli viktigare å sjå på kva slags mutasjonar vi finn i kreftcellene. Difor kan studien kome til å bety mykje for framtidig behandling av andre krefttypar også, seier Elvebakken.
I 2018 fekk ho tildelt eit treårig doktorgradsstipend frå Regionalt samarbeidsorgan for utdanning, forsking og innovasjon.