Vil lyse ut ny anbodskonkurranse for SNR

Styret i Helse Møre og Romsdal sluttar seg til anbefalinga for vidareutvikling av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Prosjektet går no inn i ein særs viktig periode med vidareutvikling av prosjektet og i april vil det bli lyst ut ein ny anbodskonkurranse for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset

Frå styremøtet 24. januar
Frå styremøtet 24. januar

​- Eg har større tro på at prosjektet kan realiserast innan ramma for prosjektet no enn eg hadde da førre anbodskonkurranse blei avslutta. Det vesentlege no er å sikre prosjektet god kompetanse, velje ein ny konkurransestrategi og sikre at vi får kontrahert ein dyktig entreprenør, seier styreleiar Ingve Theodorsen

Theodorsen seier at Helse Møre og Romsdal no vil sikre ein god dialog med Helse Midt-Norge om risikoutfordringa i prosjektet og for å kvalitetssikre at dei økonomiske føringane for prosjektet blir tydelege for alle partar.

Må redusere areal
For å sikre at prosjektet let seg gjennomføre innanfor den økonomiske ramma så må det gjerast fleire kostnadsreduserande tiltak knytt til akuttsjukehuset på Hjelset

- Funksjonar og kapasitet som er vedteke i forprosjektet ligg fast, men vi må godta at bygningskroppen vil bli endra og arealet må reduserast noko for å sikre ei forsvarleg økonomisk gjennomføring av prosjektet, seier adm. dir. Espen Remme.

Fleire tiltak er i gong
Under møtet torsdag fekk styret i Helse Møre og Romsdal presenterte Metier OEC  sine funn frå evalueringsarbeidet som er gjort i samband med førre anbodsprosessen. Som følje av funn i rapporten har Sykehusbygg sett i verk fleire tiltak for å sikre ny kompetanse og kapasitet inn i prosjektorganisasjonen.

- Vi vil inngå ein rammeavtale som skal sikre prosjektet riktig kompetanse og i tillegg har vi no særleg fokus på å få inn ein ny prosjektdirektør for å leie utbyggingsprosjektet, fortalte adm. dir. i Sykehusbygg, Terje Nikolaisen, til styret.

Avhengig av riktig entreprenør
Skal SNR-prosjektet lukkast med å ta ned kostnadene er ein avhengig av å få valgt riktig entreprenør for å vidareutvikle prosjektet.

- Mi erfaring er at det er mogeleg å finne store optimaliseringstiltak i eit prosjekt ved å jobbe tett saman med ein entreprenør i samhandlingsfasen. Målet er å få gjennomført ein god prosess for vidareutvikling av prosjektet der vi sikrar medverking frå tilsette og brukarar, seier leiar for prosjektstyret, Johan Arnt Vatnan.

Framdriftsplan
Det vil ta mellom 14-20 månadar frå vedtak om ein ny konkurranse til byggestart for akuttsjukehuset. Framdrifta kjem an på tida det tek før ein entreprenør er kontrahert, samt tida samhandlinga tek. Ny byggestart er anslått til siste halvår 2020, med ferdigstilling av akuttsjukehuset i 2023.

Les også: Styret vedtok forslag til tiltaksplan

Følg SNR-prosjektet på helse-mr.no/snr