Vil sikre utadvendte sjukehus i Midt-Norge

Helse Midt-Norge er langt framme på satsinga på medisinsk avstandsoppfølging av pasientar. I regionen pågår det fleire spennande og nytenkjande prosjekt kor pasientar mellom anna får helsehjelp via mobil og nettbrett

Innleggshaldarar på fagdagen
Andrine Mogstad og Christian Bjerkås frå ungdomsrådet, Jarl Reitan frå Regionalt senter for helsetjenesteutvikling og Kathrin Enebakk frå HMR

- Vår erfaring er at medisinsk avstandsoppfølging gir fleire gevinstar for pasientane, samtidig som vi bruker ressursane i helsevesenet smartare og meir effektivt. Det er fleire gode prosjekt på avstandsoppfølging i regionen, og satsinga vil styrkast ytterligare i 2020 slik at vi sikrar ei bredding av prosjekta, seier Kathrin Enebakk, prosjektleiar for avstandsoppfølging i Helse Møre og Romsdal

Vil møte framtida med teknologi

22. november la helseminister Bent Høie fram sin andre nasjonale helse- og sykehusplan. I planen blir det lagt vekt på å skape meir utadvendte sjukehus som skal gje større delar av helsehjelpa til pasientane heime. I planen kjem det også tydeleg fram at samarbeidet mellom sjukehusa og kommuneheletenestene skal styrkast.

Deltakarar frå Molde kommune, Hemit og HMR

Under fagdagen om medisinsk avstandsoppfølging ved Molde sjukehus 27.november, roste Jarl Reitan, tenestedesignar ved Regionalt senter for helsetjenesteutvikling i Midt-Norge, den nye planen.

Som fagekspert i arbeidet med Helseplattformen veit Reitan mykje om kva framtida vil bringe. Likevel er han opptatt av at ein ikkje skal vente på den ny pasientjournalen for å kunne ta i bruk ny teknologi og løysingar. Under fagdagen fortalte Reitan om fleire pågåande prosjekt i Midt-Norge som vil utgjere ein stor forskjell for pasientane.

Les presentasjonane frå fagdagen her

Tre av prosjekta som blei trekt fram var:

• Avansert heimesjukehus for barn med kreft. Eit prosjekt ved St. Olavs hospital. I Nord Trøndelag er dette tilbodet allereie innført.
• Intravenøs antibiotikabehandling i heimen. Eit prosjekt i Helse Møre og Romsdal
• Videokonsultasjonar med pasienten i heimen. Her pågår det fleire prosjekt i regionen.

- Prosjekta legg stor vekt på å hjelpe pasientar slik at dei blir betre i stand til å meistre eigen sjukdom. Ved bruk av teknologi ønskjer vi å oppmuntre pasientane til å ta meir ansvar for eigen helse og bidra til at pasientar ikkje trenger å kontakte fastlegen sin så hyppig, eller unngå at dei slepp å bli innlagt på sjukehus. Erfaringar frå prosjekta visar at både pasientar, pårørande og helsepersonell opplever bruken av teknologiske hjelpemiddel som nyttig, seier Reitan. 

Positive brukarar

For å lukkast med å tilby dei nye tenestene, er prosjekta avhengig av tett involvering av brukarar. Under fagdagen uttrykte Andrine Mogstad og Christian Bjerkås frå Ungdomsrådet i Helse Møre og Romsdal at dei er svært positive til satsinga på meir bruk av helseteknologi. 

- Eg har tru på at medisinsk avstandsoppfølging vil kunne gjere det enklare for mange unge pasientar slik at dei får betre og raskare hjelp i kvardagen, sa Mogstad.

Mogstad trakk fram at bruk av skype mellom anna vil bidra til mindre fråvær frå skole og mindre reisebelasting for pasientane. Bjerkås minnet samtidig på at medisinsk avstandsoppfølging ikkje kan erstatte alle fysiske legetimar.

- Det vil framleis vere behov for fysiske møte mellom helsepersonell og pasientar mellom anna i tilfelle kor det skal takast prøver, eller i konsultasjonar kor det er avgjerande å sikre tillit mellom pasient og behandlar, seier Bjerkås. 

Videomøte skal gjere pasientkvardagen enklare

Heime i staden for månader på sjukehus