Vurderer å gå fra tre til to rehabiliteringsinstitusjonar

Klinikkleiinga i Klinikk for medisin og rehabilitering vurderer no å sjå nærare på avvikling av Aure. Det framtidige tilbodet og drifta av Mork og Ålesund sjukehus vil bli utgreia i det vidare arbeidet.

 

​I forbindelse med forslaget om å endre det spesialiserte rehabiliteringstilbodet i Helse Møre og Romsdal,  var det eit møte i styringsgruppa 21. februar.
 
Styringsgruppa si oppgåve er å komme med ei tilråding til klinikksjef på korleis dei ser føre seg at det framtidige spesialiserte rehabiliteringstilbodet i Møre og Romsdal skal vere i framtida.

Per i dag blir spesialisert rehabilitering gitt på Mork rehabiliteringssenter, Aure rehabiliteringssenter og på Ålesund sjukehus.
 
Ser på om ein kan gå frå tre til to institusjonar
I det første forslaget var det foreslått å legge ned Aure og Mork rehabiliteringssenter, og flytte all spesialisert rehabilitering inn i Ålesund sjukehus. 
 
- Dette har vi no gått bort frå. Både gjennomgang av ROS-vurderinga samt dei foreslåtte kompenserande tiltaka viser at det ikkje er mogleg per no, seier konstituert klinikksjef Jorun Bøyum i Klinikk for medisin og rehabilitering.

Les også: ROS-analysen av rehabiliteringsfeltet er klar
 
I møtet i styringsgruppa onsdag blei det frå klinikkleiinga si side bestemt at ein skal sjå nærare  på om dei kompenserande tiltaka er tilstrekkelege til at ein kan redusere tilbodet ved ein av institusjonane, nærare bestemt Aure.

Det framtidige tilbodet og drifta av Mork rehabiliteringssenter og Ålesund sjukehus vil bli sett nærare på i det vidare arbeidet som vil fortsette etter styremøtet 28. mars.
 
- Vi jobbar no med å kvalitetssikre grunnlagsmaterialet vi sit på av pasientdata, kostnadsberekningar samt kompenserande tiltak.  Skal vi endre måten vi tilbyr spesialisert rehabilitering på, så må vi også vite at det er fagleg forsvarleg, seier klinikksjef Jorun Bøyum i Klinikk for medisin og rehabilitering og legg til:
 
- Det skal ikkje vere tvil om at pasientar som har krav på spesialisert rehabilitering, skal få spesialisert rehabilitering, men den kan bli gitt på ein annan måte enn tidlegare. 

 
Vil bli ei endring i tilbodet
Framover skal klinikkleiinga involvere fagfolka frå rehabiliteringsinstitusjonane og jobbe vidare med utgreiing av kompenserande tiltak. Neste møte i styringsgruppa blir 14. mars, og da vil meir vere klart, ifølge Bøyum. 
 
- Dette er ein vanskeleg sak fordi det rører ved tilsette sine arbeidsplassar.  Men vi kjem ikkje utanom at blir ei endring i korleis pasientane vil få tenester innan spesialisert rehabilitering i framtida. Fagområdet er i utvikling, og vi må gi behandling som er tilpassa kvar enkelt pasient sitt behov, seier Bøyum.

Les også: Må sikre ei god utvikling av rehabiliteringstenesta
 
Styringsgruppa er samansett av representantar frå alle seksjonar innan rehabilitering, samt tillitsvalde, verneombod og brukarrepresentantar.
 
Klinikksjef vil deretter komme med si tilråding før styremøtet 28. mars. 

Les også: - Kva signal sender vi?