Vurderer den akuttkirurgiske vaktordninga ved Volda sjukehus

Hausten 2018 fekk ei arbeidsgruppa samansett av fagfolk frå sjukehusa i Volda og Ålesund i oppgåve å vurdere den akuttkirurgiske vaktordninga for pasientar tilhøyrande Volda sjukehus.
 

Volda sjukehus

Gruppa sitt mandat har vore å greie ut og skissere ulike løysingar, med særleg vekt på styrker og svakheiter. Dei alternative driftsløysingane skulle innehalde ei vurdering av kvalitet, økonomi, risiko for fag og pasientar.

I mandatet fekk gruppa i oppgåve å vurdere desse alternativa:

  • 0: Dagens ordning.
  • 1: Akuttkirurgisk vakt i Volda måndag 08:00 - fredag 16:00, med beredskapsvakt for inneliggande på helg (inkludert ulike alternativer for feriestenging).
  • 2: Akuttkirurgisk Vakt i Volda 24/7 (inkludert ulike alternativer for feriestenging).
  • 3. Alternative modellar som arbeidsgruppa kjem fram til.

Etter at rapporten blei ferdigstilt i vinter skulle den til behandling i leiargruppa, men grunna mange pågåande og krevjande prosessar i helseføretaket har behandlinga blitt utsett. I mai har rapporten vore på innspelsrunde hjå klinikksjefane og føretakstillitsvalde for organisasjonar som var representert i arbeidsgruppa.

Klinikksjef for kirurgi Astrid Johanne Brandshaug

Klinikksjef for kirurgi Astrid Johanne Brandshaug

 - Det ligg ei god utgreiing frå arbeidsgruppa i botn der dei peiker på fleire viktige moment for vurderinga. Før leiargruppa behandlar saka ønskjer adm. dir. å kvalitetssikre dei økonomiske vurderingane, og få innspel frå klinikksjefar og tillitsvalde på innhaldet, seier klinikksjef i kirurgi Astrid Johanne Brandshaug.


Frist for innspel frå klinikksjefar og tillitsvalde var den 31. mai, og når tilbakemeldinga frå dei økonomiske vurderingane er klar skal saka inn i leiargruppa for endeleg behandling.

Lenke til rapporten

Lenke til mandatet til arbeidsgruppa

Bakgrunn (henta frå situasjonsbeskrivinga i rapporten kpt. 2.0):

Fram til 2011 var Volda akuttsjukehus innan fagområda gynekologi/obstetrikk, ortopedi, generellkirurgi/gastrokirurgi og medisin. Over tid hadde det vore ein situasjon der ein hadde utfordringar med rekruttering av spesialistar til blautkirurgisk fagområde i Volda. Samstundes ønska dåverande styre i helseføretaket, etter oppdrag gitt i føretaksprotokoll frå Helse-Midt Norge RHF, å sjå på moglegheita med å redusere bemanninga i samband med økonomiske driftsutfordringar. Dette vart løyst gjennom at det vart sett ned 8 ulike arbeidsgrupper innan ulike fagområde, og der ei gruppe arbeidde med akutt-tilbod innan kirurgi og ortopedi. Basert på arbeidsgruppa sine konklusjonar og tilråding frå administrerande direktør til styret i HMR, vart det ved Volda sjukehus valt ei løysing med 5-døgnspost med akuttkirurgisk mottak måndag kl. 08:00 til fredag kl. 16:00.

Styresak 2012/73 refererer til interne avvik og klagemeldingar, med oppfølging i styresak 2012/95 og 2013/02. Etter fullmakt frå styret som administrativ justering, vart det bestemt å innføre kirurgisk beredskapsvakt for innlagte pasientar ved Volda sjukehus. Dette hindra at desse pasientane vart flytta til Ålesund sjukehus. I tidsrommet fredag kl. 16:00 til måndag kl. 08:00 vert nytilviste akuttkirurgiske pasientar sendt til Ålesund sjukehus eller St. Olavs Hospital.

Dette vedtaket har sidan januar 2013 vore gjeldande praksis.

Det har sidan innføringa av vedtaket framkome faglege, kvalitetsmessige og økonomiske utfordringar ved denne løysinga. Helse Møre og Romsdal har nedfelt i sin vedtekne utviklingsplan at kirurgisk klinikk bør gjere ei vurdering av denne løysinga.