-Det som er viktig for meg, det er at eg er viktig for deg.

Det sa Nina Kvernmo som meiner det er viktig at helsepersonell også må sjå mennesket bak sjukdomen. 9. juni markerte Helse Møre og Romsdal «Kva er viktig for deg? – dagen» ved å sende live via Facebook-sida til helseføretaket.

Teamet bak årets "Kva er viktig for deg?-dag. Bak f.v. Nina Kvernmo, Paula Næss Skår, Daniel Ask, Jeanett Christin Størseth, Merete Brungot Kløvning og Tanja Alme. Foran f.v. Jannike Dyb Oksavik, Toril Aarskog Skorpen og Britt Valderhaug Tyrholm.


Forsking viser at brukarstemma må bli endå tydelegare og få større plass i helsetenesta. 9. juni markerte derfor helseføretaket «Kva er viktig for deg? – dagen» i ei live sending på Facebook med ei rekkje interessante foredrag.

Ein av foredragsholdarane, Nina Kvernmo, har både kronisk sjukdom og erfaring som brukar og pårørande. Ho opna sitt foredrag med overskrifta «Det som er viktig for meg, det er at eg er viktig for deg».
- Vi har behov for å bli sett og lytta til. Vi er ikkje berre sjuke, vi er ikkje berre brukarar - vi er også personar med eit liv, familie, kunnskap og ferdigheiter. Vi vil bli snakka med, og det er det ofte lite tid til i møte med helsepersonell, sa Nina Kvernmo som dermed satte pasientperspektivet på dagsorden.

Dei øvrige foredragsholdarane var representantar frå helseføretaket, kommunar og brukarutval. Fagdirektør Torstein Hole frå Helse Møre og Romsdal innleda sendinga.

Helseføretaket har markert denne dagen i fleire år saman med kommunane i fylket og Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester for å sette fokus på viktigheita av at brukarstemma får større plass i møte med helsetenesta. Pasientmedverknad blir grunngitt ut frå demokratiske verdiar, helsepolitiske føringar og juridiske rettar. Det er grunna til å tru at pasientmedverknad vil gi meir nøgde pasientar, betre samhandling mellom helsepersonell og pasientar, styrka meistring av sjukdomar, auka pasienttryggleik og eit meir treffsikkert tenestilbod som er tilpassa den einskilde.

Programmet var slik i tillegg til Hole og Kvernmo sine innlegg:
- Brukerperspektivet på temaet, v/ Paula Næss Skår, leder for Brukerutvalget

- Stipendiat Jannike Dyb Oksavik presenterte funn fra intervju/studier om «Hva er viktig for deg? – tematikken

- Erfaringer fra implementering i møte med pasienter/pårørende: Jeanette Christin H. Størseth, Fagansv. USHT MogR – Kristiansund

- Pårørende sine synspunkt og erfaringer v/ Merete Brungot Kløvning, pårørendekoordinator i Ålesund kommune

- Erfaring med verktøyet palliativ plan og brukerstemmen v/ Tanja Alme – Sula kommune

Du kan sjå heile videoinnslaget her:
https://youtu.be/Pidwi4_xzvA


Vi vil også sette pris på om du kan svare på undersøkinga som du finn her:
https://no.surveymonkey.com/r/QYDFV92