20 tilsette ved Volda sjukehus er satt i heimekarantene

Uoppdaga koronasmitte hjå ein innlagd pasient ved Volda sjukehus gjer at 20 tilsette ved sjukehuset er satt i heimekarantene. Også i Volda kommune er helsepersonell satt i karantene.

Volda sjukehus

Innlagd 7.mai

Pasienten blei innlagd fyrste gong ved sjukehuset torsdag 7. mai. Da det ikkje var mistanke om koronasmitte, var det ikkje grunnlag for å iverksette smitteverntiltak eller prøvetaking. Pasienten blei skriven ut til heimen fredag 8.mai.

Pasienten blei på nytt innlagd ved sjukehuset søndag 10. mai. Ein valde da å følgje smittevernrutinar for pasientar mistenkt med koronasmitte og testa også vedkomande då det kliniske bilete tilsa det. Måndag ettermiddag kom det positive prøvesvaret.

Klinikksjef Palma Hånes

Klinikksjef Palma Hånes

- Pasienten har det etter forholda bra og ligg innlagd ved sjukehuset. Vi har gjennomført ein smitteoppsporing og har satt tjue av våre tilsette i karantene i 10 dagar, seier Palma Hånes, klinikksjef ved Volda sjukehus.


Smitteoppsporinga viste også at ein annan pasient ved sjukehuset har vore i nærkontakt med den koronasmitta pasienten. Pasienten er varsla om hendinga og ar fått beskjed om å kontakte sin fastlege.
Volda kommune følgjer opp smittesporinga i kommunen.

Må redusere i drifta

Operativ verksemd vil gå som normalt ved Volda sjukhus, men planlagd elektiv kirurgi blir utsatt resten av veka.


12. mai er totalt 5 pasientar innlagd med koronasmitte ved sjukehusa i Møre og Romsdal