60-årsjubilant med fokus på hjernehelse

Endeleg har faget vårt kome dit at vi er i stand til å møte dei store utfordringane på ein god måte. Hjernehelse har for alvor kome på kartet, seier Guttorm Eldøen, nevrolog og overlege ved Molde sjukehus

 

I anledning jubileet fredag 28.august var det ei markering for tilsette ved sjukehuset og Eldøen tok seg tid til å reflektere over avdelinga si historie.

Siri Bakke, spesialfysioterapeut og Guttorm Eldøen, nevrolog og overlege ved Molde sjukehus

Fag i stor utvikling

Fleire alvorlege polioepidemiar i Norge på 50-talet, bidro til at det i 1960 blei oppretta ein nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus. Den gongen var fokus behandling av polio og parkinsonsjukdommar og avdelinga hadde i gjennomsnitt 30 liggedagar per pasient.

I 2020 er det hovudsakeleg pasientar med slagsjukdommar og eit breitt spekter av pasientar med akutte og kroniske nevrologiske tilstandar som får behandling ved avdelinga. Ved den nevrologiske sengeposten i Molde får pasientar frå heile fylket behandling. Pasientane ligg innlagd 3-4 dagar i gjennomsnitt og dei får tilbod om avanserte radiologiske-, nevrofysiologiske-, og spinalvæskeundersøkingar.

- Hjernehelse har vakse i betyding og har blitt et viktig satsingsområde i helsetenestene. Hjernen er vårt viktigste organ. 1 av 3 av oss får ein hjernesjukdom i løpet av livet og i Molde har vi årleg innlagd om lag 1500 pasientar. I 2020 forstår vi meir av hjernen enn tidlegare og vi har ei god verktøykasse for å kunne utgreie, behandle, rehabilitere og førebyggje fleire sjukdommar, seier Eldøen som har jobba ved avdelinga sidan midten på 90-talet.

Tilsette ved Molde sjukehus samla til markering

Fakta om nevrologitilbodet i HMR

Det nevrologiske tilbodet i HMR består i dag av ein dageining, polikliniske tilbod og ein sengepost ved Molde sjukehus, samt polikliniske tilbod ved Ålesund sjukehus.