Alternerande drift ved fødeavdelingane

Frå og med 5. oktober vil fødeavdelingane i Kristiansund og Molde ha vekselvis ope to veker på kvar stad. Alterneringa vil foreløpig gjelde fram til 31. januar 2021, og bli evaluert undervegs. 

Ved den seksjonen kor det ikkje er ope fødetilbod vil det vere poliklinisk og operativ drift innan fagområdet gynekologi og poliklinikk innan fødselshjelp.

Fødetilbodet vil vere ope slik:
Veke 41 og 42: Kristiansund sjukehus
Veke 43 og 44: Molde sjukehus
Veke 45 og 46: Kristiansund sjukehus
Veke 47 og 48: Molde sjukehus
Veke 49 og 50: Kristiansund sjukehus
Veke 51 og 52: Molde sjukehus
Veke 53 og 1: Kristiansund sjukehus
Veke 2 og 3: Molde sjukehus
 
Avdelinga som har fødedrift vil vere ope for inntak av fødande fram til kl. 08.00 på måndag i oddetalsvekene og ha tilbod om barselomsorg fram til onsdag same veke. 

Det blir planlagt at den fødande skal vere innlagt på same avdeling under fødsels- og barselopphaldet.

Er du fødande og har spørsmål - ta kontakt med di fødeavdeling direkte. 

Meir om fødetilbodet og kontaktinformasjon, Kristiansund sjukehus

Meir om fødetilbodet og kontaktinformasjon, Molde sjukehus