På tampen av 2020 vil Helse Midt-Norge behandle saka om ny inntektsmodell for
helseføretaka i regionen.
Regional arbeidsgruppe
Ei regional arbeidsgruppe fekk i mars i
oppdrag å gå gjennom og foreslå eventuell endring av dagens finansieringsmodell,
med utgangspunkt i den foreslåtte Magnussen 2-modellen.
Arbeidsgruppa
består av representantar frå kvart av helseføretaka (ein frå Helse
Nord-Trøndelag, ein frå St. Olavs hospital, ein frå Helse Møre og Romsdal, tre
frå Helse Midt-Norge samt ein representant frå SINTEF som fungerer som
analysestøtte). Budsjett- og analysesjef Trine Sperre sit i arbeidsgruppa på vegne av
Helse Møre og Romsdal.
Ut på høyring i september
Frå og med mars har arbeidsgruppa hatt jamlege møte, og etter planen skal den
nye inntektsmodellen i regionen vere ferdigstilt ved utgangen av august. I løpet
av september skal modellen ut på høyring med svarfrist i oktober.
Saka
vil truleg bli behandla i styret i Helse Møre og Romsdal 14. oktober, seinast i
november-møtet. Styra i dei lokale helseføretaka skal gje sine innspel før saka blir
behandla i styret i Helse Midt-Norge 17. desember.
Arbeidsgruppa i regionen er oppnemnd av ei styringsgruppe, beståande av dei fire administrerande direktørane i regionen, økonomidirektør i HMR, samt eierdirektør Helse Midt-Norge, representantar frå konserntillitvalde, konsernverneombod og regionalt brukarutval.