Auka satsing på simulering i Helse Møre og Romsdal

- Satsinga vil bidra til auka fagleg kompetanse og betre pasienttryggleik, seier fagdirektør Torstein Hole.

Simulering i praksis.

Simulering i praksis.


​Simulering har blitt ein viktig del av læringssløyfa for spesialisert helsepersonell. I fjor høst blei det gjennomført eit pilotprosjekt, kjend som SimiLis, med simulering på alle sjukehusa.

- Vore ein stor suksess

Prosjektet høsta mykje ros frå deltakarane. Eit anna prosjekt som også blei gjennomført var bruk av simulering i veiledning. Frå 2018 er det no gjennomført tre simuleringsprosjekt som no har blitt ein obligatorisk del av opplæringa.
 
- Alle prosjekta har vore ein stor suksess, og tilbakemeldinga var at dette var svært nyttig. Så no vel vi å fokusere på standardisering og koordinering av simuleringsaktivitet på alle fire sjukehusa våre i satsinga VirtSim, seier Kjersti Bergjord, klinikksjef i Klinikk for Akuttbehandling, som har vore sentral i utviklinga av desse prosjekta.
 

F.v: Kjersti Bergjord, Elisabeth Forberg, Bjørn Ove Hagset , Trine Larsen, Bodil Helle og Stine Sagli.

F.v: Kjersti Bergjord, Elisabeth Forberg, Bjørn Ove Hagset , Trine Larsen, Bodil Helle og Stine Sagli.

Trener på realistiske pasientsituasjonar

Simulering gjer at helsepersonell kan trene på realistiske pasientsituasjonar i verkelege omgjevnadar, og kan vere alt frå ferdigheitstrening til fullskalasimulering.
 
- Eit viktig mål med simuleringsarbeidet er å bruke det som eit pedagaogisk verkty i utdanning og kompetansebygging for helsepersonell. Som ein konsekvens av dette igjen aukar pasienttryggleiken. I tillegg standardisert simulering til å bygge kompetanse på tvers av fagområde. I fleire scenarier vil ein til dømes trene i eit tverrprofesjonelt team, seier Bergjord som tror dette vil gi auka læringsutbytte både for studentar og tilsette.
 

VirtSim-koordinator på kvart sjukehus

Kvart sjukehus vil ha ein VirtSim-koordinator, som vil jobbe tett opp mot teamleiar for VirtSim, Elisabeth Forberg.  Desse fire er:

- Volda sjukehus: intensivsjukepleiar Bodil Helle
- Ålesund  sjukehus: anestesisjukepleiar Trine Larsen
- Molde sjukehus: intensivsjukepleiar Bjørn Ove Hagset (akuttmottak) 
- Kristiansund sjukehus: intensivsjukepleiar Stine Sagli

Første arbeidsoppgåve til VirtSim-teamet er å kartlegge all simuleringsverksemd på dei fire sjukehusa og lage eit årshjul. Kartlegginga vil vere ein del av HMN sin kartlegging av infrastrukturen knytt til simulering i regionen.

Fagdirektør Torstein Hole.

Fagdirektør Torstein Hole.

Helse Møre og Romsdal vil jobbe saman med NTNU Ålesund og St. Olavs hospital i arbeidet med å opprette dette tilbodet. Både fagdirektør Torstein Hole og medisinsk fagsjef Mariann Gammelsæther har eit ansvar for å følgje opp arbeidet framover.