Aukar aktiviteten på sjukehusa

- Når vi no aukar aktiviteten, vil det vere eigne rutinar for å gjere dette på ein trygg og god måte, seier adm. dir. Øyvind Bakke.

Adm.dir Øyvind Bakke

Adm.dir Øyvind Bakke

I mars månad blei 11 300 konsultasjonar i Helse Møre og Romsdal utsett grunna koronapandemien. 2800 av desse konsultasjonane blei utsett av pasientane sjølv. 

I same månad blei det gjennomført 8200 konsultasjonar via video eller telefon. No skal sjukehusa ta opp igjen delar av den normale drifta,  seier Bakke.

Etablert gode smittevernrutinar

I over ein månad har sjukehusa førebudd seg på å ta i mot mange koronasmitta pasientar. I same periode har den planlagde aktiviteten vore kraftig redusert.

- Vi har god kontroll på smittesituasjonen, og per i dag har vi 6 innlagde koronasmitta pasientar. Når vi no aukar konsultasjons- og operasjonsaktiviteten på sjukehusa, vil det vere eigne rutinar og retningsliner for å gjere dette på ein trygg og god måte. Får du ei innkalling til time til utgreiing eller operasjon, skal du ikkje vere redd for å ta den, seier Bakke.

Ved alle føretaket sine sjukehus, institusjonar og i dei prehospitale tenestene er det etablert gode smittevernrutinar. Alle fire sjukehus har mellom anna oppretta eigne avgrensa område (kohortområde) der pasientar som er mistenkt med koronasmitte, eller som har fått påvist koronasmitte blir isolert.

- Ikkje nøl med å ta kontakt

- Det inneber at vi sikrar at ikkje smitten brer seg til andre delar av sjukehuset. Tilsette som har pasientkontakt har fått opplæring i bruk av smittevernutstyr for å hindre smittespreiing. Vi er dermed godt førebudd viss situasjonen skal endre seg, seier Bakke og legg til:

- Helseføretaket har oppmoda befolkninga om ikkje å nøle med å ta kontakt og be om hjelp. Det er ingen grunn til å frykte koronasmitte ved innlegging ved eit av våre sjukehus, avsluttar Bakke