Aukar gebyret for ikkje å møte til time

Frå 1. januar 2020 er gebyret auka for ikkje å møte til avtalt poliklinisk time. Gebyret aukar frå 702 kroner til 1053 kroner, det blei vedtatt i statsbudsjettet for 2020.


Kvart år er det over 200.000 timar ved norske sjukehus som ikkje blir gjennomført fordi pasientar ikkje møter opp. Det ønskjer helseminister Bent Høie å gjere noko med.

- Når pasientar ikkje møter til avtalt time på sjukehuset, betyr det lengre ventetid for andre, auka kostnadar og dårlegare utnytting av helsepersonell, seier Høie i ei pressemelding på regjeringa si nettside.

Enklare å endre avtalen

Det er gjennomført fleire tiltak for å få fleire pasientar til å møte til avtalt time ved poliklinikkane ved sjukehusa. Det er mellom anna blitt enklare for pasientar å endre timeavtalen, og pasientar får påminning om timen på sms. 

Tiltaka har hjulpet, men dessverre ikkje nok. Framleis er det om lag 200.000 timar årleg der pasientar ikkje møter opp. Derfor blei det vedtatt  å auke gebyret for ikkje å møte opp frå 702 kroner til 1053 kroner. Gebyret aukast ikkje for pasientar innan psykisk helsevern og rusbehandling, berre for somatisk pasientbehandling.

Det nye forslaget til gebyr på 1053 kr er tre gongar meir enn vanleg eigenandel

Les meir om eigenandelar her

Slik gjer du det

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med den avdelinga du har time hos. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturert.

Informasjon om kvar og når du skal møte finn du i innkallingsbrevet.

Søk etter avdeling