Ber om justert innføringsplan for Helseplattformen

Styret for Helseplattformen konstaterer at tidsplanen for produksjonssetting av ny journalløysing ikkje kan gjennomførast. Covid-19 har forsinka arbeidet og gjer det også vanskeleg å innhente andre forsinkingar som har oppstått.

​Administrasjonen for Helseplattformen la mandag fram ein grundig analyse av status og framdrift for styret. Basert på vurdering av risikobildet og konsekvensane av Covid-19 konkluderte styret med at produksjonssetting hausten 2021 ikkje er realiserbart.

Styret har derfor bedt administrasjonen om å gjennomføre ein prosess med organisasjonane som skal ta i bruk løysinga og med leverandøren Epic for å utarbeide ein alternativ innføringsplan. Det blir understreka i vedtaket at konsekvensane må minimerast og at prosjektet sine effekt- og gevinstmål må oppretthaldast i størst mogleg grad.

Styret støttar administrasjonen si vurdering om at sannsynlegheita for å oppretthalde planlagt innføringsplan er for låg og risikoen er for høg. Årsakene er samansette og handlar i hovudsak om forhold knytt til prosjektplan. Forsinkingar i sjølve prosjektet blir forsterka av pandemien, som har hatt stor innverknad på arbeidet.

– Ein prosjektorganisasjon er avhengig av raske avklaringar og tett dialog. I tillegg er Helseplattformen ein ung organisasjon som har behov for å bygge kultur og kompetanse. Vi er i ein god og konstruktiv dialog med Epic om å sikre framdrift. Forslag til felles, alternativ innføringsplan skal leggast fram til styremøtet i slutten av oktober, seier styreleiar Håkon Grimstad.

Styret ber også om jamlege oppdateringar på korleis pandemien påverkar helsetenesta i Midt-Noreg og prosjektet framover.

Les heile vedtaket i Helseplattformen sin styreportal

Les meir om Helseplattformen på helseplattformen.no