Blir klinikksjef for Ålesund sjukehus

Elisabeth Siebke er tilsett som ny klinikksjef ved Ålesund Sjukehus. Ho har vore konstituert i stillinga sidan mars 2020.
Siebke har vore i HMR sidan 1988. Ho er utdanna barnelege og har brei leiarerfaring mellom anna som seksjonsoverlege og avdelingssjef i barne- og ungdomsavdelinga. I tillegg har ho vore klinikksjef ved Klinikk for kvinner, barn og ungdom.

Ho har også leia spesialitetskomiteen i barnesjukdommar, samtidig som ho har hatt ein rekke verv som tillitsvald i legeforeninga, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

- Elisabeth Siebke kjenner helseføretaket godt, og har ei brei erfaring i frå sjukehuset i Ålesund. Siebke er svært opptatt av å både vidareutvikle og styrke fagmiljøet i tida framover. Eg er svært glad for at ho har takka ja til stillinga, og ser fram til vidare samarbeid i den nye rolla, uttalar administrerande direktør Øyvind Bakke.

- Eg har eit stort hjarte for Ålesund sjukehus og gleder meg til å ta fatt på dei mange utfordringane og moglegheiter som ligg foran oss. Vi skal halde fram arbeidet med å sikre innbyggarane i fylket gode og heilskapelege tenester. Eg er svært glad for å få arbeide i lag med dyktige kollegaer, seier den nytilsette klinikksjefen.

Totalt 8 personer søkte på jobben som klinikksjef ved Ålesund sjukehus.