Bøyum blir sjef for Klinikk for kreft og rehabilitering

- Eg gleder meg veldig til å leie desse fagområda vidare, seier Bøyum.

Jorun Bøyum

Jorun Bøyum

Ny organisering i mars

1. mars vil Helse Møre og Romsdal bli organisert med ein kombinasjon av tverrgåande og stadlege klinikkar. Det medisinske fagområdet vil bli samla under kvart sjukehus, medan kreft og rehabilitering held fram som eigen tverrgåande klinikk.

Les også:
Vedtok ny organisasjonsmodell i Helse Møre og Romsdal
Konstituerer fire stadlege klinikksjefar på sjukehusa

Den nye klinikken blir tverrgåande, og vil bestå av Kreftavdelinga, rehabiliteringsinstitusjoanane Mork og Aure, fysikalsk medisin og revmatologi i Ålesund, poliklinikk fysikalsk medisin, samt klinisk støtte i Ålesund. Klinikk for kreft og rehabilitering vil få rundt 350 ansatte og vil består av til saman 11 seksjonar. 
 
- For meg er dette draumejobben. Fagområda kreft og rehabilitering vil framleis ha ein sentral plass leiargruppa i helseføretaket samtidig som eg som leiar kan vere nær drifta innan kreft og rehabiliteringsfeltet. Eg gler meg til eit godt samarbeid med dei dyktige tilsette i klinikken, seier Bøyum.
 
Bøyum har vore leiar i Kreftavdelinga sidan 2005, og gjekk inn som konstituert klinikksjef i Klinikk for medisin og rehabilitering i 2018.
 
- Jorun Bøyum har vore ein viktig del av leiargruppa, og eg er glad for at vi skal samarbeide tett vidare, seier adm. dir Øyvind Bakke.