Bruk av munnbind

Dagens smittesituasjon i Møre og Romsdal gir ikkje nye føringar for bruk av munnbind. – Helse Møre og Romsdal følgjer til ei kvar tid FHI sine retningsliner, og det har ikkje kome nye faglege råd knytt til munnbind, seier fagdirektør Torstein Hole. 

Den siste tida har det komt spørsmål frå både tilsette, pasientar og pårørande om bruk av munnbind på sjukehusa. Trass fleire lokale utbrot, er smittetrykket lavt i fylket og sjukehusa har i tillegg strenge smitteverntiltak.
- Vi er svært opptatt av at både tilsette og pasientar skal føle seg trygge og ha godt vern. I Helse Møre og Romsdal har vi difor strenge smitteverntiltak, og vi har også besøks- og adgangskontroll. Det betyr at risikoen for smitte er svært lav inne på sjukehusa, seier fagdirektør Hole, og legg til at med dagens smittesituasjon er det ikkje grunn for at tilsette eller pasientar bruker munnbind sjølv om avstanden er under 1 meter. 

Helseføretaket har innført restriksjonar for besøk, møter og samlingar. Tilsette skal heller ikkje møte på jobb om dei er sjuke eller har symptom på luftveissjukdom. Alle pasientar får tilsendt screeningskjema før dei kjem til sjukehusa, og det er i tillegg adgangskontroll.
- Erfaringane så langt tyder på at risiko for smitte mellom tilsette og pasientar er svært liten i vårt helseføretak, seier Hole, og opplyser at dei vanlegaste smittestadane er internt i ein husstand, i sosial omgang med vener og familie, og ved utanlandsopphald.

- Vi følgjer kontinuerleg med på både smittesituasjonen her og føringar som gis frå helsemyndigheitene. Blir det endringar i dei falglege råda som tilseier forsterka smittevern, så kan det bli aktuelt med bruk av til dømes munnbind, seier fagdirektøren.