Delvis gjenopning av alderspsykiatri Sunnmøre døgnpost

Dersom smittetala for koronaviruset er stabile vidare og vi ikkje får ei oppblussing av smitte i regionen, er det planlagt ei delvis gjenopning av drift for pasientar frå 1. september 2020.

Uteområdet ved seksjonen Alderspsykiatri Sunnmøre
Uteområdet til alderspsykiatri døgnpost og poliklinikk.

Det vil vere ei delvis gjenopning med fire døgnplassar, for å framleis ha beredskap og raskt kunne klargjere smittemottak om det blir behov for dette gjennom hausten.

Alderspsykiatri Sunnmøre døgnpost har sidan 18.03.20 vore omgjort til smittemottak for pasientar som har behov for innlegging knytt til behandling eller utgreiing av psykisk sjukdom, og samtidig har påvist smitte av koronavirus.

− I tida frå omgjering til smittemottak har vi fått til eit sterkare internt og eksternt samarbeid for å gi best mogleg helsehjelp til den alderspsykiatriske pasient. Dette vil vi framleis ha fokus på gjennom hausten, fortel seksjonsleiar Vivian Akerø Svenslid. Med dette ønskjer Alderspsykiatri Sunnmøre døgnpost å:

  • auke den ambulante tenesta
  • legge opp til eit vidare tett samarbeid mellom poliklinikk og døgnpost

Tilvisingar og tilbod

Tilvisningar og elektroniske førespurnadar frå legar blir vurdert og svart ut kvar måndag. Pasientar får tilbod om utgreiing og behandling i form av poliklinisk/ ambulant besøk eller døgnopphald. Telefon eller video kan også nyttast ved polikliniske konsultasjonar.