Desse to dannar toppleiinga i Klinikk SNR

Carina Wollan Myhre blir assisterande klinikksjef i Klinikk SNR.


Carina W. Myhre og Georg Johnsen på Kristiansund sjukehus i går.
Carina W. Myhre og Georg Johnsen på Kristiansund sjukehus i går. 

Tirsdag denne veka blei det kjent at Georg Johnsen tilsettes som Klinikksjef SNR. Han byrjar i jobben 1. desember.

Les også: Georg Johnsen er tilsett som Klinikksjef SNR
 
No får han med seg Carina Wollan Myhre som si høgre hand i klinikkleiinga. Ho er i dag avdelingsjef i Klinikk Kristiansund, men blir konstituert som assisterande klinikksjef i Klinikk SNR.
 
-  Eg er opptatt av å ta vare på begge fagmiljøa både i Molde og Kristiansund. For å lukkast med SNR er vi gjensidig avhengig av å få til eit robust og godt tilbod til pasientane i akuttsjukehuset på Hjelset og i SNR Kristiansund. Sjukehussaka i Nordmøre og Romsdal har vore vanskeleg og har prega oss i mange år. For meg er det viktig at vi kjem oss vidare og utvikler pasienttilbodet saman. Eg gler meg til å bli betre kjent med dei tilsette ved Molde sjukehus, og er sikker på at eg og Georg kjem til å få eit godt samarbeid, seiar Wollan Myhre.
 
Wollan Myhre byrja ved sjukehuset i Kristiansund allereie i 1998, og har sidan den tid hatt fleire leiarstillingar i helseføretaket, i tillegg til at ho var personalleiar i Enhet for sykehjem i Kristiansund kommune i eitt år.
 
Ho er utdanna sjukepleiar, har vidareutdanning i diabetessjukepleie og går no på det nasjonale toppleiarprogrammet.

- Eg er veldig glad for at Carina tar på seg denne rolla. Ho kjenner Kristiansund sjukehus veldig godt, noko som er viktig for meg. Ho har lang erfaring, ikkje bare frå sjukehusdrift, men også når det gjeld samhandling med kommunene. Samtidig er ho tydeleg, open og seier det ho meiner. Det er kvalitetar eg set høg, seier påtroppande klinikksjef Georg Johnsen i Klinikk SNR.