Det blir adgangskontroll ved sjukehusa

Helse Møre og Romsdal innfører adgangskontroll ved alle sjukehusa i fylket for å ivareta smittevern for pasientane. Tiltaket er eit av fleire nye tiltak som regjeringa presenterte 12.mars og som skal bidra til å hindre spreiing av koronavirus.


​- Under smittesituasjonen som har oppstått må vi avgrense talet på besøkande til sjukehusa våre. Berre pasientar som treng følgje kan ha pårørande med inn på sjukehuset, seier fagdirektør Torstein Hole

Fagdirektør Torstein Hole

For å redusere smitterisikoen for koronavirus vil HMR avgrense tilgangen til berre å gjelde personar som må gjennomføre nødvendig besøk ved sjukehusa.  Adgangkontrollen vil medføre at personar som har risiko for å vere smitta ikkje får kome inn på sjukehusa.

Dette er eit tiltak som no gjeld nasjonalt for alle helseinstitusjonar

Fleire tiltak berøre tilsette i føretaket

Stenging av barnehagar, skolar og utdanningsinstitusjonar
Helsedirektoratet har vedtatt å stenge barnehagar, skolar og utdanningsinstitusjonar. Dette gjeld frå klokken 18.00 torsdag 12. mars til og med torsdag 26. mars 2020. Tiltaka kan bli forlenga

Dette gjeld:
• Barnehagar
• Barneskolar
• Ungdomsskolar
• Vidaregåande skolar
• Universiteter og høgskular
• Andre utdanningsinstitusjonar

Oppretthalde skole- og barnehagetilbod til visse grupper
Det er viktig å oppretthalde verksemda i helse- og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar, samt å unngå at personar i risikogrupper brukast til barnevakt.

Leiarar av barnehagar og rektorar ved barneskolar må derfor sørgje for et tilbod til barn av foreldre, som jobbar i helse- og omsorgstenesta.

Det same gjeld for barn med særlege omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skole eller andre dagtilbod er stengt.

Reiser
Alle som kjem frå reiser utanom Norden, skal i karantene (isolering) i 14 dagar, uavhengig om dei har symptom eller ikkje. Dette har tilbakevirkande kraft.

Les meir her

Alle tilsette og andre som arbeider i Helse Møre og Romsdal har reiseforbod til utlandet. Forbodet gjeld både tenestereiser og privatreiser. Kostandar knytt til privatreiser vil bli kompensert. Vedtaket gjeld frå 12. mars kl. 18:00 og foreløpig ut april 2020.

Helsedirektoratet ønskjer at innanlandstransport skal gå mest mogleg som normalt, men dei oppmodar sterkt alle til å unngå fritidsreiser.

I tillegg til forbod mot utanlandsreiser, oppmodar Helsedirektoratet til å unngå innanlandsreiser som ikkje er strengt nødvendig, unngå offentleg transport om du kan, unngå andre stader kor du lett kjem nær andre, unngå nærkontakt med andre. Dette vil også innebere nærkontakt i teneste, for eksempel interne møte. Risiko for smitte må vektast mot nødvendigheten av å møtast fysisk.