Ein tilsett ved Ålesund sjukehus har testa positivt på koronavirus

Ein tilsett ved Ålesund sjukehus har fredag 13.mars fått påvist koronasmitte. Vedkommande har vore i USA og er no satt i heimeisolasjon. Vedkommande var på jobb ved seksjon for dialyse og nyresjukdommar måndag og tysdag denne veka, men har ikkje hatt direkte pasientkontakt.


​Tilsette i karantene

Ei kartlegging i ettermiddag viser at 12 tilsette ved Ålesund sjukehus har hatt nærkontakt med den smitta. Dei er varsla og blir satt i heimekarantene i 14 dagar.

Elisabeth Siebke
- Vi jobbar med å sikre bemanning slik at alle dialysepasientar får tilbod som normalt neste veke. Seksjonen vil også tilby nødvendig poliklinisk behandling. Pasientar som eventuelt får avlyst sin time vil få beskjed om det frå sjukehuset, seier Elisabeth Siebke, klinikksjef ved Ålesund sjukehus

Kan ta kontakt

Pasientar som har vore til behandling ved seksjonen for dialyse og nyresjukdommar denne veka blir varsla om situasjonen i kveld. Dei som ønskjer meir informasjon kan ringe 951 56 787. Telefonen opnar kl. 20.00 fredag kveld og held ope mellom kl. 09.00-21.00 laurdag og søndag. 

Tilsette ved Ålesund sjukehus kan ringe 948 77 566 for nærmare informasjon

I tillegg kan Helsedirektoratet sin informasjonstelefon 815 55 015 nyttast.

Mediekontakt:

Hege Hegle, konst. kommunikasjonsdirektør. Tlf.: 932 69 866