Ein tilsett ved augeseksjon på sjukehuset i Ålesund har testa positivt på Covid19

Torsdag 5. november testa ein tilsett positivt for Covid-19 ved Ålesund sjukehus. Den tilsette har hatt nærkontakt med fleire kolleger og pasientar, men hadde ingen symptom på sjukdom før onsdag ettermiddag, og har ikkje vore på arbeid etter dette.


- I tråd med smittevernrutiner vert alle nærkontakter varsla, uttalar klinikksjef Elisabeth Siebke. Dette gjeld også pasientar som har vore i kontakt med den tilsette etter måndag 2. november kl. 12.

Totalt er det 18 tilsette og 20 pasientar som no blir sett i karantene og vil bli følgt opp. Arbeid med oppfølging er i gangsett i samarbeid med kommuneoverlegane i dei aktuelle kommunane kor pasientane eller dei tilsette bur.

Augeseksjonen i avdeling for kirurgi blir no stengd inntil vidare. Molde sjukehus har vaktberedskap for øyeblikkeleg hjelp for auge-pasientar i denne perioden.

- Stenginga av augeseksjonen påverkar ikkje dei andre tenestane på sjukehuset i Ålesund, seier klinikksjef Siebke.

Pasientavtalar ved augeseksjonen vil fram til og med fredag 13. november i første omgang bli avlyst. Det arbeidast med å gi pasientane nye timar. Alle som får endra avtale vil bli kontakta. Det er også høve til å ta kontakt med Ålesund sjukehus på tlf nr. 46 80 23 25 i tidsrommet 0800-1600 på kvardagar.