Ein tilsett ved Kristiansund sjukehus har testa positivt på koronasmitte

Ein tilsett ved Kristiansund sjukehus har måndag 16.mars fått påvist koronasmitte. Vedkommande har vore i Østerrike og var på jobb frå laurdag fram til torsdag 12.mars.

12. mars blei det innført innskjerpa karantenereglar som også inkluderte Østerrike, noko som resulterte at den smitta drog heim i karantene.  

- Vedkommande har hatt nærkontakt både med tilsette og med pasientar ved sjukehuset i perioden før han fekk symptom på smitte. Vi har derfor gjennomført ei kartlegging internt ved sjukehuset for å få oversikt over kven som kan ha vore utsett for smitte, seier Åge Austheim, klinikksjef ved Kristiansund sjukehus.

Resultat av kartlegging

Totalt 20 pasientar og 10 helsepersonell som har vore i nærkontakt med den smitta blir kontakta av tilsette ved sjukehuset så raskt som mogleg og vil bli bedt om å gå i heimekarantene. Kommunane som blir berørt av hendinga blir også varsla.

I heimekarantene (isolasjon)

Vedkommande som er smitta jobbar ved avdeling for kirurgi  og har vore i heimekarantene sidan 12.mars. Kristiansund sjukehus kartlegg no alle tilsette og pasientar som har vore i kontakt med den smitta den 11.3 og 12.3.

- Hendinga vil ikkje få konsekvensar for pasienttilbodet ved sjukehuset då vi allereie før helga reduserte den planlagde behandlinga. Dette var eit tiltak for å vere best mogleg budd på å handtere pasientar med koronasmitte, seier Austheim.

Blir kontakta

Dei aktuelle pasientane som har vore til behandling ved avdeling for kirurgi  den 11.3 og 12.3 vil bli kontakta av tilsette ved sjukehuset i løpet av ettermiddagen/kvelden. Dei som ønskjer meir informasjon kan ringe 777 10 000 Telefonen held ope frå kl.18.00 og fram til kl. 23.00 måndag kveld og er også ope frå kl.08.00 tysdag.

Tilsette ved Kristiansund sjukehus kan ringe 948 77 566 for nærmare informasjon

I tillegg kan Helsedirektoratet sin informasjonstelefon 815 55 015 nyttast