
Elisabeth Siebke
Elisabeth Siebke er tilsatt som klinikksjef i Klinikk for kvinner barn og ungdom, etter å ha vore konstituert i stillinga i eit halvt års tid.
- Eg er utruleg takksam for å ha blitt tilbudt jobben. Dette er fagområde som eg brenn for, og som eg ser fram til å vidareutvikle saman med dei dyktige fagfolka som jobbar her, seier Siebke.
Siebke er utdanna lege med spesialisering i pediatri og har jobba i helseføretaket sidan 1988. Ho ble avdelingssjef i Ålesund i 2012, og frå 2017 har ho vore felles avdelingssjef for barnemedisin og habilitering i Møre og Romsdal.
Adm. dir Øyvind Bakke er godt nøgd med å ha fått på plass denne tilsettinga.
- Eg har fått eit svært godt inntrykk av Elisabeth som ein tydeleg og engasjert leiar, og ho har vore ein viktig del av leiargruppa i tida eg har vore i helseføretaket. Eg ser fram til å fram til eit godt samarbeid framover med Elisabeth, seier Bakke.
Seksjonsleiar Eli Bente Langva for poliklinikk, barn og ungdom Molde og Ålesund vil framleis vere konstituert som avdelingssjef i Avdeling for barnemedisin og habilitering, og stillinga vil snarlig bli lyst ut.