Etablerer videokontor ved alle sjukehusa i Møre og Romsdal

Gode erfaringar med eit nyleg etablert videokontor ved Molde sjukehus, gjer at leiinga i føretaket har vedtatt å setje opp tilsvarande løysingar ved alle sjukehusa i fylket.

Videokonsultasjon med lege ved Molde sjukehus
Videokontoret ved Molde sjukehus er ein suksess

I mai fekk pasient Cora Marie Angell prøve nyvinninga som på daværande tidspunkt hadde vore til uttesting i tre veker ved Molde sjukehus. Etter først å ha tatt kliniske prøver for sin astmasjukdom, fekk Angell møte lungespesialist Anja Helgaker via ein videokonsultasjon. 

Seksjonsleiar Liv Unni Johannessen og pasient Cora Marie Angell

Seksjonsleiar Liv Unni Johannessen og pasient Cora Marie Angell

- Dette var ein positiv oppleving. Eg tykte at eg fekk den same gode kontakten med legen, sjølv om timen føregjekk på video. Så lenge det er stabilt internett og eg høyrer og ser legen godt, så opplever eg at det er mogleg å sikre den gode samtalen med legen, seier Angell.

Angell er tydeleg på at ho ønskjer å nytte video framfor å reise langt om ho i framtida igjen får behov for oppfølging av ein spesialist ved eit sjukehus langt unna.



Nasjonal merksemd

Innovasjonsprosjektet, som har fått omtale i Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020-2023, er eit samarbeid mellom HMR og Hemit, og har også fått støtte med midlar frå Helse Midt-Norge. Prosjektet har fokus på å utvikle ei løysing med eit enkelt grensesnitt som er tilpassa behovet til pasientane og behandlarane.

- Målet er å sikre best mogleg pasientkonsultasjonar. Teknologien er berre eit virkemiddel og ikkje eit mål i seg sjølv, seier verksemdsarkitekt i Hemit, Per-Henning Valderhaug.

Arbeidet med å få etablert videokontor også ved dei andre sjukehusa i fylket har starta opp, og løysingane vil truleg vere klare til bruk tidleg i haust.

- Den nye løysinga gjer at fleire av våre pasientar slepp å reise langt for enkle konsultasjonar. No vil dei i staden kunne møte opp ved sitt nærmaste sjukehus for å gjennomføre ein videokonsultasjon med sin behandlar. Vi trur at det vil bidra til å styrke pasienttilbodet og smittevernet, redusere klimautslepp og reisebelastinga for våre pasientar og samtidig redusere pasient- og reisekostnadane både for føretaket og for pasientane, seier Christer Jensen, innovasjonsrådgivar i føretaket.

Seksjonsleiar Liv Unni Johannessen ved medisinsk avdeling saman med pasient Cora Marie Angell. Johannessen har vore pådrivar for

Seksjonsleiar Liv Unni Johannessen ved medisinsk avdeling saman med pasient Cora Marie Angell. Johannessen har vore pådrivar for å få tatt i bruk den nye videoløysinga ved Molde sjukehus.


Erfaringar med løysinga

Videoløysinga ved Molde sjukehus har no vore i drift i fem veker. Så langt har over 50 pasientar brukt løysinga som er eit videokonsultasjonstilbod for pasientar, i situasjonar kor videokonsultasjon via pasienten sin eigen smarttelefon/nettbrett ikkje er hensiktsmessig eller mogleg. Tilbodet gjeld både for pasientar som er innlagd, pasientar som må til sjukehus for å få tatt kliniske prøver, samt pasientar som ønskjer hjelp til å bruke videokonsultasjonar. Ved behov kan også tolk, annan spesialist, pårørande, fastlege, eller helsearbeidar i kommunen delta i møtet.

Angell gjennomførte kliniske lungeprøver hos lungesjukepleiar Cherryl Johansen som satt godt skjerma bak glasveggen, før ho fikk

Angell gjennomførte kliniske lungeprøver hos lungesjukepleiar Cherryl Johansen som satt godt skjerma bak glasveggen, før ho fikk hjelp til å kople seg opp til videokonferanse med lungespesialist Anja Helgaker.

- Erfaringane med videoløysinga er så langt særs gode.  Videokonsultasjonar gjer at vi skjermar både pasienten og oss sjølv mot eventuell smitte. Om vi kjem i situasjonar kor vi blir satt i heimekarantene, men er friske nok til å jobbe, så kan vi ved hjelp av video oppretthalde drifta og følgje opp pasientane våre på ein god måte, seier Helgaker.

I tillegg til å få oppfølging og behandling ved Molde sjukehus, så har Angell også vore til oppfølging ved St. Olavs hospital. Dersom det på nytt blir behov for oppfølging frå spesialistar i Trondheim, så vil Angell be om å gå gjennomføre konsultasjonen via video. 

Video erstattar ikkje alle fysiske møte

Helgaker vil oppmode kollegaer i føretaket om å teste ut videoløysinga når ho blir tilgjengeleg. Samstundes er ho tydeleg på at videokonsultasjonar ikkje kan erstatte alle fysiske møte mellom pasient og behandlar.

Lungespesialist Anja Helgaker er positiv til den nye løysinga

Lungespesialist Anja Helgaker er positiv til den nye løysinga

- Det er ein del konsultasjonar som vi helst vil gjennomføre som fysiske møte på kontoret. Det kan til dømes vere det første møtet med pasienten, eller der vi skal behandle alvorlige diagnosar og utgreiingsforløp kor vi får viktig informasjon ved å sitte ansikt til ansikt med pasienten i same rom. Kliniske undersøkingar som å lytte på hjertet og lunger får vi heller ikkje gjort via video, så video egner seg ikkje til bruk for alle pasientar, seier Helgaker.



Vi ser berre starten

IKT-sjef i Helse Møre og Romsdal, Odd Arne Maridal, meiner at vi berre har sett starten på ei utvikling kor digitale verkty og løysingar som video får ein mykje meir sentral rolle i pasientbehandlinga.

- Dette er ei positiv og ønska utvikling. Eg veit at det er mange gode idear ute blant våre tilsette til korleis vi kan bruke moderne teknologi på nye måtar og eg forventar fleire forbetringsprosjekt på dette område i tida som kjem, seier Maridal.