Får 72 millioner kronar i koronastøtte

- Utruleg gledeleg, seier adm. dir Øyvind Bakke då styret i Helse Midt-Norgetorsdag vedtok å tildele øyremerka middel til Helse Møre og Romsdal. Pengane skal brukast til oppgradering av sjukehusbygg.

Adm. dir Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal

Adm. dir Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal

- Det er er stort vedlikehaldsetterslep på sjukehusa og dei kringliggande bygga våre, spesielt på Sunnmøre. Så dette kjem godt med i arbeidet med å modernisere sjukehusa til det beste for pasienten og våre tilsette, seier Bakke.

Vedlikehaldsprosjekt prioritert

I forbindelse med koronapandemien har regjeringa lagt fram ein rekkje tiltakspakker. Helse Midt-Norge fekk tildelt 72 millioner kroner i øyremerka midlar. I begrunnelsen til Helse Midt-Norge  er vedlikehaldsprosjekt som skapar stor grad av sysselsetting prioritert, og valet falt då på Helse Møre og Romsdal.

- Eg er veldig glad for at Helse Midt-Norge har sett dei store behova i fylket vårt, og valte å prioritere Helse Møre og Romsdal i denne omgangen, seier Bakke. 

Fasade og straum ut på anbod

Arbeidet med å utbetre sjukehusa i Volda og Ålesund er godt i gong, og forrige veke vedtok styret at både ny straumforsyning ved Ålesund sjukehus samt at siste fase av fasadearbeidet ved sjukehuset skal ut på anbod. Både fasaden og straumforsyninga skal finansierast med lån.

Det er også lagt opp til ei auke i basisbevilgningene til dei regionale helseføretaka med til saman 5,5 mrd kronar knytt til Revidert nasjonalbudsjett. Les meir på Helse Midt-Norge sine nettsider.