Fekk reise tidleg heim med digital oppfølging

- Ingen har vel lyst til å vere på sjukehus lenger enn ein må, seier Lisbeth Nykrem og Anders Vaagen. Dei ble det første paret i Møre og Romsdal som fekk reise tidlegare heim med sitt tidleg fødte barn støtta av fulldigital heimeoppfølging.

Lisbeth Nykrem og Anders Vaagen med sonen Aksel. Dei ble det første paret i Møre og Romsdal som fekk reise tidleg heim støtta med fulldigital heimeoppfølging.

Lisbeth Nykrem og Anders Vaagen fekk i september sonen Aksel som var født seks veker for tidleg, og blei innlagt ved nyfødt intensiv seksjonen ved Ålesund sjukehus. Etter nokre dagar i respirator utvikla Aksel seg fint og han var klar for spisetrening. I staden for å tilbringe opptil fleire veker på nyfødt intensiv, fekk paret reise heim til Gursken med god opplæring og ei «verktøykasse» i bagasjen.
- Å få premature barn til å spise sjølv kan ta mange veker. Det kan difor bli lange dagar her på intensivavdelinga, og foreldra kan i nokre høve føle stress for å få barnet til å spise. Vi meiner at det ofte kan vere best å ta den tida heime i trygge omgjevnader, seier seksjonsleiar Ann-Iren Vartdal i avdeling for barnemedisin og habilitering.

Nyfødt intensiv avdeling ved Ålesund sjukehus har difor utvikla eit tilbod om tidleg heimreise for barn i spisetreningsperioda med digital heimeoppfølging via video. Tenesta har fått navnet NAST, og står for nyfødt intensiv ambulerande sjukepleieteneste. Det var opprinneleg planlagt oppfølging av desse familiane ved å reise heim til dei og hjelpe med spisetreninga. Pandemisituasjonen gjorde at planane blei endra, og ein har no lagt tilrette for fulldigital heimeoppfølging.

Slappa betre av heime
- Eg hadde stressa meir om eg skulle gått her på avdelinga og følt på at eg måtte prestere for å få guten til å legge på seg. Å få kome heim gav meg ei trygg havn. Vi fekk dei samme krava til vektauke, men vi slappa betre av sidan vi hadde familien og kjente rundt oss, seier Lisbeth Nykrem.

Anders Vaagen legg til at ingen har lyst til å vere på sjukehus meir enn dei må.
- Første dagane då Aksel låg på respirator, så var ikkje heimreise i tankane. Men når ting starta å gå seg til, og han responderte bra på behandlinga og pusta fint, då skifta fokus og vi ønskte å kome oss heim, seier Anders, og legg til at det var ekstra tryggheit i at guten hadde ei sonde slik at dei fekk i han mat uansett.

Teamet bak den fulldigitale heimeoppfølginga: F.v.: Seksjonsleiar Ann-Iren Vartdal, intensivsjukepleiar Astrid Bjørneseth, NIDCAP-sjukepleiar Laila Storeide og sjukepleiar Eirin Røsvik.



NAST er eit nasjonalt begrep, og tilbodet er no etablert og tilpassa for Helse Møre og Romsdal av teamet på nyfødt intensiv seksjonen, med erfaringar frå andre helseføretak.
- Vi har klare prosedyrer på korleis vi skal følge opp foreldra som får dra tidleg heim. Før dei reiser får dei opplæring i korleis gi mat via sonde, dei trener og vi sjekkar at det går bra, opplyser intensivsjukepleiar Astrid Bjørneseth.

Ser godt via skjermen
Paret reiste heim med Aksel etter ei veke på avdelinga i Ålesund. Mating føregjekk via sonde dei første dagane før Aksel klarte å spise sjølv. Foreldra veide guten kvar dag, og det ble gjennomført fire videokonsultasjonar i løpet av den veka Aksel og foreldra fekk oppfølging frå teamet på nyfødt intensiv.
- Ved hjelp av videomøta fikk vi eit veldig godt inntrykk av korleis det gjekk med Aksel. Vi kan oppdage hudforandringar og vi ser korleis barnet pustar. Og ikkje minst baserer vi oss på dei opplysningane foreldra gir oss, seier seksjonsleiar Ann-Iren Vartdal, som legg til at om dei ser det ikkje fungerer, så står dei klar til å ta imot foreldre og barn.

- Vi opplevde den digitale oppfølginga som trygg og god. Vi har jo blitt vant med slike videomøter gjennom pandemien, så det fungerte fint for oss, seier Anders. Lisbeth legg til at det var godt å vite at teamet kunne sjå guten. Og ikkje minst sparte vi oss 1,5 timar i bil om vi skulle reist til sjukehuset.

Kan ta kontakt når som helst
- Det aller viktigaste for oss var at guten hadde det bra før vi drog frå sjukehuset. Teamet på avdelinga var rolig og trygg, og gav oss i tillegg trua på oss sjølv. Det var også godt å vite at vi kunne ringe når som helst på døgnet om vi hadde spørsmål. Vi har hatt ei fin reise med det nye tilbodet om tidleg heimreise og digital oppfølging, seier Lisbeth og Anders.

Når barnet kan spise sjøl og har stabil vektoppgang, så blir NAST programmet avslutta med eit trekantmøte mellom teamet på nyfødt intensiv, den lokale helsestasjonen og foreldra. Vidare oppfølging blir som regel utført av helsesjukepleiar eller eventuelt barnepoliklinikken.

Helse Møre og Romsdal har sett i gong ei rekkje utadvendte tenester og digitaliseringsprosjekt kalt HMR Heime. Digital oppfølging av for tidleg fødte barn er eit av satsningsområda. I tillegg er det stor satsning på videokonsultasjonar generelt, ulike former for heimesjukehus og andre nettbaserte tenester for å gjere kvardagen enklare for pasientar og pårørande, og ikkje minst gi enda betre helsetenester.