Fire tilsette og ein student i karantene

Ein tilsett ved Molde sjukehus, tre tilsette og ein student ved Ålesund sjukehus er satt i karantene etter å ha hatt nærkontakt med ein koronasmitta pårørande.


Torsdag 19. meldte Molde kommune om eit nytt stort smitteutbrot i kommunen. Den smitta er ein pårørande til eit barn som nyleg har vore innlagd ved Ålesund sjukehus og som har vore til poliklinisk behandling ved Molde sjukehus.
 

- Den smitta pårørande har følgt barnet til behandling ved sjukehusa og vi har derfor gjennomført smittesporing for å få oversikt over nærkontaktar til den koronasmitta. Basert på gjennomgangen har vi valt å setje fire av våre tilsette og ein student i karantene, seier Janita Skogeng, konst. klinikksjef for kvinner, barn og ungdom.
 
Føretaket har ikkje avdekt at andre pasientar ved sjukehusa har vore i nærkontakt med dei smitta pårørande, men føretaket vil ta kontakt og informere til pasientar og pårørande som har vore i same lokale som den smitta.
 
Barnepoliklinikken ved Molde sjukehus vil ha redusert drift i veke 48 og barn som har time til behandling i Molde vil bli kontakta.