Foreslår endringar i rehabiliteringstenesta

Administrerande direktør foreslår å endre tal døgnplassar og styrke ambulante tenester innanfor fagfeltet spesialisert rehabilitering i Helse Møre og Romsdal.

HMR
I styremøtet i 9. desember blir det lagt frem eit nytt forslag til korleis det framtidige spesialiserte rehabiliteringstilbodet i Helse Møre og Romsdal skal vere.
 
I dag har helseføretaket spesialisert rehabilitering på tre stader i fylket: Mork rehabiliteringssenter, seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus og Aure rehabiliteringssenter. Helseføretaket har til saman 50 døgnplassar. Av desse er 4 senger arbeidsretta rehabilitering (ARR) lokalisert på Aure. 
 

Driftsomlegging på Aure

I januar 2019 gjorde Klinikk for medisin og rehabilitering en fagleg vurdering av rehabiliteringstilbodet. Denne vurderinga blei gjort på nytt i september 2020, der behovet for døgnplassar innan spesialisert rehabilitering i Helse Møre og Romsdal er vurdert å vere mellom 34 - 38 plassar. 
 
I saka som blir lagt fram til styret i desember blir det anbefalt å redusere tal døgnplassar ved Aure rehabiliteringssenter frå 18 til 8 senger. I denne reduksjonen ligg også ei endring frå dagens nivå på 4 til 2 ARR-senger. De 8 sengene ved Aure vil driftast 5 dagar i veka (måndag til fredag). I tillegg blir det føreslått å opprette eit ambulant team på Aure. Driftsendringane ved Aure rehabiliteringssenter skal vere verksam frå seinast 1. mars 2021.

Komplisert rehabilitering

Klinikken i Ålesund  vil vurdere å auke kapasiteten med 2 senger ved fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund og vidareutvikle ambulante tenester på Sunnmøre. Tilbodet ved Mork rehabiliteringssenter blir om lag som i dag. 
 
- Kompetansesenteret innan spesialisert rehabilitering bygger på det fysikalsk medisinske miljøet i Ålesund der dei aller mest komplekse pasientane blir behandla. I Ålesund har vi god tilgang på spesialister, samt andre sjukehusspesialitetar innanfor både somatikk og psykiatri. Vi samlar dei mest kompliserte rehabiliteringspasientane to stader i fylket  i nærleiken av sjukehus, seier adm. dir Øyvind Bakke.
 
I 2019 blei det satt i gong eit større samhandlingsprosjekt med kommunane i Møre og Romsdal, for å sjå på korleis ein i samarbeid kan utvikle den samla rehabiliteringstenesta i fylket. Rapporten har vore på høyring og høyringsinnspela har gitt grunnlag for innstillinga i styresaka som leggast fram for styret i desember. 

Ingen tilsette mister jobben

Ut frå høyringa ønsker ikkje kommunane å forplikte seg økonomisk til å drifte rehabilitering saman med helseføretaket. I arbeidet med saka har HMR hatt god dialog med fleire kommunar, spesielt kommunane på Nordmøre knytt til driftsomlegginga på Aure. 

- Tilbodet på Aure skal sikre eit godt tilbod til pasientar i gråsona mellom kommune- og spesialisthelsetenesta (samhandlingssonen). Vi skal også satse på videokonsultasjonar og digital rehabilitering, samt ambulante tenester. Eg har tru på at dette kan blir eit spennande og godt tilbod på Aure og håper denne satsinga også kan betre rekrutteringa av personell framover, seier adm. dir. Øyvind Bakke. 

Ingen på Aure rehabiliteringssenter vil miste jobben i helseføretaket, om saka som blir fremma for styret blir vedtatt. Dei tilsette som blir overtallige vil få tilbod om jobb andre plassar i HMR. 

-
Dei tilsette er vår viktigaste ressurs, og HMR vil gjennomføre omstillingsprosessane på ein trygg måte, sier Bakke.