Føretaket med tiltakspakke for å sikre drifta ved sjukehusa

For å redusere smittespreiing av koronavirus ved sjukehusa og dei andre institusjonane i fylket, har leiinga vedtatt fleire nye tiltak for å trygge pasienttilbodet og styrke beredskapen ved sjukehusa.

Møre og Romsdal har ein gunstig smittesituasjon i nasjonal samanheng og det er derfor viktig med tiltak for å halde det slik.


Tiltak 1: Stans i store delar av den planlagde dagkirurgiske aktiviteten

Leiargruppa vedtok tysdag å stoppe store delar av den planlagde dagkirurgiske aktiviteten ved alle sjukehusa i Møre og Romsdal.

Øyvind Bakke under eit besøk ved Ålesund sjukehus

- Dette er eit grep vi må ta fordi vi har nasjonale forsyningsutfordringar knytt til smittevernutstyr, mellom anna kirurgiske munnbind. Vi veit at utstyr er på veg til Norge, men det vil truleg ikkje kome fram dei to første vekene. Det er grunnen til at vi no tek grep og stansar dagkirurgisk aktivitet. Målet er å sikre tilstrekkeleg utstyr som vi treng dersom vi får ein betydelig auke i talet på pasientar som treng intensivbehandling den næraste tida, seier Bakke
 
Bakke si vurdering er at HMR ikkje kan oppretthalde planlagt drift og risikere å gå tom for smittevernutstyr i ein situasjon der føretaket treng utstyr for å handtere koronasmitta pasientar. Det betyr at planlagd dagkirurgi vil bli stoppa på alle dei fire sjukehusa dei næraste par vekene med nokre unnatak:
 
- Eg kan forsikre om at alle inngrep som ikkje er medisinsk forsvarleg å utsetje, vil bli gjennomført som planlagd. Dette gjeld mellom anna kreftoperasjoner og øyeblikkelig hjelpsoperasjoner , seier Bakke.
Bakke gir samtidig sjukehusa i oppdrag å organisere den polikliniske verksemda på ein måte som minimerar smitterisikoen for pasientane og dei tilsette. Det vil i praksis kunne bety at det blir gitt tilbod om video-, eller telefonkonsultasjonar der det er mogleg.

Grunna stor pågang til sentralbord og avdelingane ved dei fire sjukehusa, oppmodar Bakke pasientar til ikkje å ta kontakt på telefon. Tilsette i føretaket vil sjølv ta direkte kontakt med pasientar som får sin behandling utsatt. 

 

Tiltak 2: Innfører strenge restriksjonar på bruk av vikarbyrå

Helse Møre og Romsdal innfører strenge restriksjonar for innleie av vikarar frå utlandet. Vedtaket kjem i kjølvatnet av at norske myndigheiter innførte strengare karantenekrav til reisande frå utlandet.

Foto: Colourbox

- Vi ser oss nøydd til å minimere bruken av vikarar frå utlandet og vurderer det som eit viktig tiltak i arbeidet med å redusere smittespreiing av koronavirus. Vi nyttar hovudsakeleg vikarar frå Danmark og Sverige, men vil inntil vidare berre tillate bruk av utanlandske vikarar der det er naudsynt for å kunne yte forsvarleg helsehjelp, seier Bakke
Drift utan vikarar
Klinikksjefane får no i oppdrag å innrette drifta ved sjukehusa slik at dei kan handtere pasientbehandlinga utan bruk av vikarar.

- Vi ønskjer å vere i forkant og gjer derfor nødvendige tilpassingar i drifta allereie no. All nødvendig bruk av utanlandske vikarar skal derfor godkjennast av meg, seier Bakke.
I samband med at føretaket har redusert stor delar av den planlagde pasientbehandlinga ved sjukehusa, blir det frigjort personell som kan omdisponerast og overta ein del av oppgåvene som ein har brukt vikarar på å løyse.  

- Vi skal sikre eit godt og trygt tilbod til innbyggjarane og omdisponerer i hovudsakeleg spesialutdanna sjukepleiarar, seier Bakke.  

Les også: Nye innstrammingar på karantenereglar for reisande


Tiltak 3: Etablerer kohortisolering ved alle sjukehus

Administrerande direktør Øyvind Bakke gir alle fire sjukehusa i fylket i oppdrag å etablere eigne område til kohortisolering

Foto: Colourbox

Kohortisolering legg til rette for samtidig isolering av fleire pasientar på same areal. Pasientane kan plasserast:

• i same rom, eller
• i fleire rom i en avskjerma del av ein sengeavdeling, eller
• i eit heilt område/avdeling definert som isolatpost

- Vi ønskjer med dette tiltaket å bidra til å hindre smittespreiing til andre delar av sjukehuset kor andre pasientar blir behandla, seier Bakke 


Tiltak 4: Koronaopplæring av intensivpersonell

For å sikre at Helse Møre og Romsdal har tilstrekkeleg og kompetent personell til å handtere alvorleg sjuke pasientar med koronasmitte, er det starta opplæring av tilsette som kan ta seg av intensivpasientar.

Foto: Colourbox

Ved alle intensivavdelingar og sengepostar ved dei fire sjukehusa har ein starta omfattande opplæring og rekruttering.

- Vi har fokus på å gje opplæring og få opp kompetansen for dei konkrete oppgåvene det vil kunne bli behov for. Hos oss får spesialsjukepleiarar opplæring samtidig som vi hentar inn intensivressursar frå andre seksjonar ved sjukehusa, seier Bakke.