Forhandlar med Skanska for å kome fram til ei avtale om bygging

I samband med at funksjonsprosjektet for akuttsjukehuset på Hjelset nærmar seg slutten, pågår det krevjande forhandlingar med Skanska for å kome fram til ei gjennomføringsavtale om bygging av akuttsjukehuset på Hjelset.

Nytt akuttsjukehus på Hjelset slik det er planlagd bygd

​- Vi er i rute med vidareutviklinga og kvalitetssikringa av løysingane og grunnlaget vi treng for å sikre byggestart i des. 2020/jan. 2021. Vi ser likevel at det blir utfordrande å nå styringsramma som er vedtatt for prosjektet, sa Johan Arnt Vatnan, leiar for prosjektstyret i si orientering til styret i føretaket.

Utfordingar i prosjektutviklinga

Etter at styret godkjente optimalisert forprosjekt for SNR i juni, har prosjektet jobba vidare med å gjennomføre kostnadsreduserande tiltak. Under si orientering til styret i dag fortalte Vatnan at ein i samhandling med Skanska førebels ikkje har lukkast i tilstrekkeleg grad med å få effekt av mellom anna tiltak som industrialisering og modulbygging. Av forhandlingsmessige omsyn var det ikkje mogleg for Vatnan å nærare inn på forhold som prosjektorganisasjonen og Skanska forhandlar om, men han påpeikte at kostnadsbilete per. 14. oktober er krevjande.

- Vi vil fortsetje å utforske moglegheitsrommet for å redusere kostnadane i tråd med tidlegare styrevedtak. Prosjektstyret vil i okt./nov. leggje fram ei ny sluttprognose for prosjektet, samt vår anbefaling til adm. dir. i HMR om handtering av kostnadsbilete i SNR-prosjektet.

Framdriftsplan i prosjektet

Trass i utfordringane med å få ned kostandane i prosjektet held Vatnan førebels fast ved planen om starte på grunnarbeidet med akuttsjukehuset i des. 2020/jan. 2021.