Forhandlar vidare med Skanska om ein gjennomføringskontrakt

Helse Møre og Romsdal og Skanska Norge AS er einige om å fortsetje forhandlingane med mål om å kome til einigheit om ein gjennomføringsavtale om bygging av nytt akuttsjukehus på Hjelset. Ny frist for å kome fram til ein avtale er sett til 10. januar.

Nytt akuttsjukehus slik det er planlagd bygd på Hjelset

– Basert på den skriftlege tilbakemeldinga frå Skanska 18.desember og samtalar med konsernsjef Ståle Rød i helga, finn eg det riktig å fortsetje forhandlingane med sikte på å bli samde med Skanska om ei omforent løysning , seier Bakke.

Nytt forhandlingsteam

For Helseføretaket vil det vere viseadministrerande direktør Heidi Nilsen som leiar forhandlingane saman med Terje Bygland Nikolaisen, administrerande direktør Sykehusbygg HF.

Grunnlag for vidare forhandlingar

11.desember sendte føretaket eit varsel om avbestilling av kontrakten der Skanska fekk frist til 18. desember for å kome med sitt endelege tilbod. I sin tilbakemelding kom Skanska med ei skisse til vidare samhandling med mål om å kome til einigheit om eit pristilbod.

– Jeg er glad for at vi har fått mer tid til å finne en omforent løsning for Akuttsykehuset på Hjelset. Sammen med de ansatte har vi utviklet et sykehus som både ansatte og Helseforetaket er svært fornøyd med og som vil tjene befolkningen på en god måte. Dette er et komplekst prosjekt, men jeg har god tro på at det gjennom konstruktivt samarbeid og åpenhet om tallgrunnlag og kalkulasjoner vil være mulig å finne en løsning alle kan være fornøyde med, sier Ståle Rød konsernsjef i Skanska Norge.


Godt utforma bygg

I samhandlingsfasen har SNR-prosjektet og tilsette i føretaket samarbeidd med Skanska og deira arkitektar og rådgivarar om vidareutvikling av prosjektet. Partane er einige om innhald og utforming av akuttsjukehuset der bestillinga frå HMR er godt ivareteke når det gjeld funksjonar og kapasitet.

– No er oppgåva å kome til einigheit om ein akseptabel pris for bygging av sjukehuset. Fristen er kort, men eg meiner at det er tid nok for å kunne avdekkje om eit vidare samarbeid om realisering av prosjektet er mogleg, seier Bakke.

Vil sikre framdrift

For å sikre nødvendig framdrift vil SNR-prosjektet parallelt med forhandlingane med Skanska førebu ein alternativ gjennomføringsmodell.

– I det vidare arbeidet blir det også gjennomført ei ny usikkerheitsanalyse som gir ny prognose og forslag til nye kostnadsrammer for prosjektet som eg vil leggje fram for styret i januar saman med ei tilråding vedrørande gjennomføring av prosjektet, seier Bakke.

Opptak frå ekstraordinært styremøte kan du sjå her (Youtube)