Forslaget til ny inntektsfordelingsmodell i Helse Midt-Noreg er klar

Konklusjonen er at ein skal legge til grunn samme prinsippa som  i Magnussen 2-modellen. I tillegg blir det foreslått at St. Olavs hospital får eit eige regionssjukehustilskot, som er meint å kompensere for kostnadar som modellen ikkje fangar opp.

Torsdag fekk styringsgruppa presentert forslaget til ny inntektsfordelingsmodell i regionen. Styringsgruppa, som mellom anna består av dei fire administrerande direktørane i regionen, stilte seg einstemmig bak forslaget.   

Forslaget til ny inntektsmodell er arbeidd med i over eit halvt år no, og gruppa som har jobba med det har vore satt saman av representantar frå alle helseføretaka.

Les heile rapporten her.

– Det er av stor betydning at vi har openheit kring prosessen og kan skape einigheit rundt prinsippa om fordeling av helsekroner i regionen, seier adm.dir Stig Slørdahl i ei pressemelding frå Helse Midt-Norge.

75/25-fordeling

I korte trekk har arbeidsgruppa foreslått at ein skal leggje til grunn dei same prinsippa som i den nasjonale Magnussen 2-modellen (altså ei fordeling på 75 % berekna kostnadar og 25 % faktiske kostnadar), i tillegg til at universitetssjukehuset St. Olavs hospital skal få eit eige regionsjukehustilskot. Størrelsen på dette tilskotet er per i dag ikkje berekna. 

– Magnussen 2 tek utgangspunkt i befolkninga sine behov for helsetenester og kostnadar for sjukehusa. I tillegg blir kostnadane helseføretaka faktisk har vektlagt. Regionsjukehus har ansvar for høgspesialiserte funksjonar, og for vår region fangar ikkje den nasjonale modellen opp desse kostnadane fullt ut. Derfor blir det foreslått å innføre eit regiontilskot, seier Slørdahl vidare i pressemeldinga. 

Slørdahl understreker at det er nødvendig å etablere eit gjensidig forpliktande samarbeid mellom helseføretaka i regionen for at lokalsjukehuspasientar i Helse Midt-Norge skal bli behandla på sitt lokalsjukehus, og at det skal utformast konkrete mål for dette.


Forslaget til ny inntektsfordelingsmodell vil no bli sendt til styret i Helse Midt-Norge, som skal behandle dette i sitt styremøte 22. oktober. Så er planen at forslaget skal sendast ut på høyring til dei lokale helseføretaka i løpet av oktober, med svarfrist i november. 

Blir styrebehandla i HMR i november

Styret i Helse Møre og Romsdal vil behandle ein høyringsuttalelse i styremøtet 11. november.

– Eg er glad for at det er einigheit om å følge prinsippa som ligg til grunn i den nasjonale modellen. I tillegg er eg veldig glad for at det setjast i gong eit arbeid med å sikre at lokalsjukehuspasientar skal få behandlinga si på sjukehusa i Møre og Romsdal. Dette er viktig for å bygge opp fagmiljøa,  og det er jo det viktigaste for både pasientar og tilsette i heile fylket, seier adm. dir Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.

Bakke vil komme tilbake med øvrige vurderingar i saksframlegget til styret i Helse Møre og Romsdal i november. 

13. oktober skal Jon Magnussen etter planen orientere styret i Helse Møre og Romsdal om den nye nasjonale inntektsfordelingsmodellen. 

Det er planlagt at forslaget til ny inntektsfordelingsmodell blir behandla i styret i Helse Midt-Norge 17. desember.