Første møte for ny brukarutvalsleiar

Paula Næss Skår (68) tek over stafettpinnen etter Ingrid Løset, og heldt sitt første brukarutvalsmøte på mandag.

F.v Paula Næss Skar, administrerande direktør Øyvind Bakke og sekretær i Brukarutvalet Marianne Ensby Gravem

F.v Paula Næss Skår, administrerande direktør Øyvind Bakke og sekretær i Brukarutvalet Marianne Ensby Gravem

- Eg er opptatt av å vidareføre det gode arbeidet som tidlegare leiar Ingrid Løset har stått for. Så vi må fortsette å jobbe for at Brukarutvalet skal vere eit utval som blir respektert i fagmiljøa, seier Paula Næss Skår.

Mandag heldt 68-åringen sitt første møte med leiinga i Helse Møre og Romsdal. Næss Skaar kjenner helseinstitusjonane i fylket svært godt og har har jobba i spesialisthelsetenesta i store delar av sitt yrkesaktive liv.

- Jeg byrja å jobbe på Opdøl i 1970, og har sidan jobba både for Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal fram til samanslåinga av helseføretakene, seier Næss Skår som også har vore sekretær for Brukarutvalet.

Paula Næss Skår

Paula Næss Skår

Ho har gjennom karriera si hatt tett kontakt med brukarorganisasjonane, og er opptatt at av brukarkompetansen skal vere ein nødvendig kompetanse for spesialisthelsetenesta.

- I tillegg brenn eg for god pasientkommunikasjon som eg meiner er nødvendig for å skape tryggleik og tillit.  Eit anna tema som står hjartet mitt nært er barn som pårørande, seier Næss Skår.