Framleis ope fødetilbod både i Kristiansund og Molde

Etter ein ny vurdering av driftssituasjonen tysdag 28. januar, blei det bestemt at begge fødeseksjonane i Kristiansund og Molde skal halde fram med å ha ope tilbodet om fødselshjelp i helgene.


- Driftssituasjonen for dei tilsette er krevjande, men seksjonane melder at dei har kontroll og opplever at dei kan tilby pasientane god hjelp og oppfølging, seier Elisabeth Siebke, konst. klinikksjef i klinikk for kvinner, barn og ungdom

Vikarar sikrar drifta
I november i fjor, var driftssituasjonen ved fødeseksjonane i Molde og Kristiansund såpass utfordrande at leiinga vedtok å sette i verk midlertidige tiltak for å trygge pasienttilbodet. Det blei bestemt at seksjonane skulle veksle på å tilby fødselshjelp på helg. Etter nyttår lukkast HMR med å få fleire vikarar som har styrka bemanninga ved fødeseksjonane.

- Vi erfarer at vikarane bidreg til å sikre drifta på ein god måte. Det er likevel viktig å få fram at driftssituasjonen er krevjande å stå i for tilsette og leiarar på seksjonane som har ei stor arbeidsbelastning. Vi vil derfor fortsetje å ha ei tett oppfølging av drifta framover, seier Siebke

Fleire tiltak sett i verk
For å styrke bemanningssituasjonen er det mellom anna lyst ut stillingar som jordmor og overlege, men Siebke fortel at det er krevjande å rekruttere så lenge tidspunktet for ei samanslåing av seksjonane i forkant av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er uavklart.

- Under fagdagen 22.januar var tilsette frå begge seksjonar samla som eit ledd i arbeidet med å styrke og samle fagmiljøa fram mot SNR. Tema på fagdagen var mellom anna omstilling og arbeidsmiljø, noko som opptek og engasjerer dei tilsette, seier Siebke