- Jobben som klinikksjef har vore særs viktig og givande for meg. Eg vil takke alle dyktige og engasjerte kollegaer og fagfolk som står på kvar dag for å sikre pasientane våre eit best mogleg tilbod. Eg vil samtidig rose og oppmuntre tilsette i klinikken til å fortsette den viktige oppgåva med å vidareutvikle tilbodet innan psykisk helse, rus og habilitering. Føretaket er avhengig av deira innsats for å lukkast i å styrke tilbodet til pasientane, seier Remvik
Takkar Remvik for innsatsen

Administrerande direktør, Øyvind Bakke takkar Remvik for det gode arbeidet som han har lagt ned for klinikken.
- Remvik vil bli sakna som både klinikksjef og kollega, men eg er glad for at han framleis er innstilt på å bruke erfaringa og kompetansen sin i Helse Møre og Romsdal, seier Bakke.
Konstituert klinikksjef
Ståle Hoff som er avdelingssjef i avdeling for distriktpsykiatriske senter på Sunnmøre blir konstituert i stillinga frå og med 5.mars.

Hoff har vore avdelingssjef sidan desember 2016 og var før det klinikksjef i kirurgi ved Ålesund sjukehus frå 2010-2016. Hoff er utdanna klinisk psykolog frå Universitetet i Bergen.
Stillinga som klinikksjef for Klinikk for psykisk helse og rus blir utlyst i løpet av mars månad