Sist veke var det heile 250 tilsette som fekk opplæring i korleis nytte seg av verktøyet videokonsultasjonar. Opplæringa skjer via videomøte på Skype.
- I forrige veke arrangerte vi åtte opplæringsmøter med tilsaman 250 deltakarar. I denne veka er det planlagt nye møter annakvar dag så lenge vi har kursdeltakarar, seier innovasjonsrådgivar Christer Jensen i Helse Møre og Romsdal.

Innvasjonsrådgivar Christer Jensen i Helse Møre og Romsdal gjennomfører opplæringsmøter i videokonsultasjon for tilsette frå heimekontoret sitt.
600 konsultasjonar denne veka I byrjinga av denne veka var det bestilt 392 videokonsultasjonar, og Christer Jensen meiner at antallet konsultasjonar vil bikke 600 før ein tar helg. Det er rekord med god margin.
- Vi opplever stor entusiasme frå våre tilsette. Mange ser no at dette er eit godt verktøy i situasjonar der ein ikkje treng å gjere kliniske undersøkingar, opplyser Jensen.
Det er psykiatrien som aukar mest, og som har booka flest videokonsultasjonar den siste veka. Jensen tar spesielt fram barne- og ungdomspsykiatrien som har kommet godt i gang.
Supporttelefon for pasientar For å gi pasientane best mogleg oppfølging når dei skal ta i bruk video, så er det etablert ein supporttelefon dei kan ringe til. I dag er det sju av dei tilsette i Helse Møre og Romsdal som betjener denne.
- Vi satte i gang denne tenesta mandag 16. mars, og det var viktig å få supporttelefonen på plass for å kunne tilby ei god og trygg teneste til pasientane, seier Jensen.
Du kan lese meir om tenesta videokonsultasjonar her