
Georg Johnsen
Johnsen kjem opprinneleg frå Hammerfest, men flytta til Molde i 2008 og har jobba i Helse Møre og Romsdal sidan.
Han er utdanna anestesilege, tok gruppe 1 på St. Olavs hospital og har sidan 2017 hatt ulike leiarstillingar i helseføretaket.
- Eg er stolt over å ha fått denne spennande og utfordrande jobben og gler meg til å ta fatt på den. Eg kjenner Molde sjukehus godt og no skal eg bruke tida framover på å bli godt kjent med dei tilsette på Kristiansund sjukehus. Sjølv om eg i utgangspunktet skal vere like mykje på begge sjukehusa, vil eg i tida framover prioritere å vere meir i Kristiansund, seier Johnsen og legg til:
- Det er mykje historie mellom Kristiansund og Molde. No gler eg meg til å se framover og til å skape eit robust og godt fagmiljø i Nordmøre og Romsdal. Denne prosessen vil starte umiddelbart. Eg ser fram til spennande faglege diskusjoner framover. Som person er eg open, tydeleg og direkte. For å lukkast er vi avhengig av tillit og respekt for kvarandre, og eg vil bruke tid på å gjere meg fortent til, og bygge opp, denne tilliten i alle fagmiljø, seier Johnsen.
Adm. dir Øyvind Bakke er svært tilfreds med tilsettinga av Johnsen som klinikksjef for SNR.
- Med Georg får HMR en leiar med sterk fagleg profil som er oppteke av føretaksperspektivet og motivert for å vidareutvikle fagmiljøa i Nordmøre og Romsdal. Han har også vore avdelingssjef for anestesilegane for alle fire sjukehus og har også vore føretakstillitsvald for Yngre legers forening. Under tida som Klinikksjef i Molde har Georg bidrege til gode diskusjonar i leiargruppa, vist gode samarbeidsevner og vist gjennomføringskraft. Eg ser fram til vidare samarbeid med Georg, sier Bakke.
Konstituert klinikksjef i Klinikk Kristiansund Åge Austheim går tilbake til å jobbe heiltid som kardiolog frå 1. desember.
Det var seks søkarar til stillinga som Klinikksjef SNR og det blei gjennomført intervju av tre av kandidatane.
Tilsettingsutvalet uttalar følgende:
Tilsettingsutvalet er einig om at vi hadde to gode interne kandidater å velge mellom til klinikksjefstillinga. Begge kandidatane sjåast på som leiartalent i føretaket.
I Nordmøre og Romsdal har vi eit viktig arbeid som ligg føre oss med å forene fagmiljøa og utvikle organisasjonen fram til SNR står ferdig 1.5.2024. Tilsettingsutvalet meiner Johnsen er den riktige kandidaten for dette arbeidet. Hans kjennskap til organisasjonen, faglege tyngde og evne til å ta beslutningar samt vise gjennomføringskraft var faktorar som var utslagsgivande for at valet falt på Johnsen. Desse har vore med i tilsettingsutvalet: Trude Solenes (avdelingssjef Klinikk Molde) , Øystein Lian (avdelingssjef klinikk Kristiansund), Anette Lekve (foretakstillitsvalgt NSF) og Igor Jokic (foretakstillitsvalgt Dnlf).