Heile ein
av fem opplever funksjonsforstyrringar i mage-tarm i løpet av livet. Fem til
tjuefem prosent av desse får kroniske
symptom av moderat til alvorleg karakter med redusert livskvalitet. Dette
er tala bak diagnosen IBS (irritable bowel syndrom) ei kronisk liding, med
komplekse utfordringar i kvardagen.
- Det er
ofte ikkje lett å prate om plager frå tarmsystemet. Mange opplever å ikkje bli
tatt heilt på alvor, medan andre gruer seg til å dele sine opplevingar, seier
Dag Arne Lihaug Hoff, som saman med kollegaer på poliklinikken for
mage/tarmsjukdomar i Ålesund arrangerer årlige seminar for å gi auka kunnskap
og forståing av sjukdommen og symptoma.
Gode råd
frå tverrfagleg gruppe

Meir enn 70 deltok på IBS-skulen i Ålesund i januar.
Nyleg ble
det holdt IBS-skule i Ålesund med over 70 deltakarar. Her fekk dei frammøtte
eit to dagars kurs med føredrag av spesialist i fordøyelsessjukdomar,
sjukepleiar, fysioterapeut, ernæringsfysiolog, spesialist i psykiatri og
brukarrepresentantar.
- Pasientar med IBS diagnose har ofte tilleggsplagar som
hodepine, smerter i muskel-skjelettsystemet, trøytleik og gjerne også psykiske
lidingar. Difor samlar vi ei
tverrfagleg gruppe helsepersonell som gjev pasientane best mogleg informasjon,
opplyser Hoff.
Deltakarane
fekk m.a. gode råd knytt til sjukdomslære, kosthald, mestring av IBS, fysisk
aktivitet for å lindre smerter, og tips knytt til utdanning og arbeidsliv.
Delte av
eigne erfaringar
Eit
viktig mål for IBS-skulen er å dele erfaringar mellom deltakarane. Det er difor
lagt opp til dialog og moglegheiter for å stille anonyme spørsmål. I pausane
gikk praten lett og deltakarane fekk mellom anna glutenfri, låg-FODMAP lunsj.
Det er ein diett som avgrensar inntaket av bestemte karbohydrat og på den måte
gjev mindre symptom som gass, smerter og endra tarm rørsle. Eit eige foredrag
var også knytt til dette temaet.
Hoff
fortel at mykje av motivasjonen bak IBS-skulen er at pasientane skal bli
tryggare, og på den måte motiverast til å hjelpe seg sjølv. Han er difor
opptatt av at pasientar som har mage- og tarmforstyrringar deltar på tiltak som
IBS-skulen og slik at dei kan gjere seg nytte av den kvalitetssikra informasjon
i kvardagen.
For å delta på IBS-skulen må du ha diagnosen
IBS, og så treng du tilvising frå fastlege eller spesialist i
fordøyelsessjukdommar. Neste
kurs er planlagt hausten 2020. Meir informasjon om IBS-skulen og gode råd knytt
til funksjonsforstyrringar i mage-tarm finn du i lenka under.
IBS-skulen og gode råd