Helse Møre og Romsdal har for første gong fått ein eigen legemiddelstrategi med tilhøyrande handlingsplan der tiltak, tidsfristar og tiltaksansvarlege er beskrive.
- Å sikre kontroll og styring med verksemda vår innan legemiddel er definert som eit særs viktig arbeid. Med denne konkrete planen så har vi fått eit godt verktøy som skal bidra til å gi pasientane best mogleg legemiddelbehandlig, seier Sara Marie Volstad som er leiar av legemiddelkomiteen i helseføretaket.
Volstad fortel at målet for legemiddelstrategien er at pasientar i helseforetaket skal få legemiddelbehandling av høg kvalitet med likeverdig og rask tilgang til effektive legemiddel til lavast mogeleg pris.
Høgt prioritert

Paula Næss Skaar er leiar i Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal.
Brukarutvalet i helseforetaket har i lengre
tid vore særs oppteken av at helseføretaket har god kontroll på at pasientane
får rett medisin til rett tid.
- Denne planen er eit tydeleg teikn på at
dette er høgt prioritert, og det er Brukarutvalet godt nøgd med. Vi ser det som
viktig at dei ulike systema som er utarbeidd for å fange opp feil som blir gjort
og klager som blir meldt, blir brukt slik at ein lærer av dei feila som blir
gjort, seier brukarutvalsleiar Paula Næss Skaar i Helse Møre og Romsdal.
Korrekt overføring av informasjon
Helseføretaket har
også sterk fokus på legemiddelsamstemming. Det er eit av dei utvalde
innsatsområda innan det nasjonale pasientstryggleiksprogrammet, og som også er
ein del av legemiddelstrategien til helseforetaket.
- Fokuset som er sett på
legemiddelsamstemming er viktig for oss i Brukarutvalet. Dette er ein metode som
skal bidra til at helsepersonell, i samarbeid med pasienten, skal sikre korrekt
overføring av informasjon om pasienten sin legemiddelbruk mellom dei ulike
behandlarane, seier Paula Næss Skaar.