Helse Møre og Romsdal følgjer situasjonen rundt coronaviruset nøye

Det nye coronaviruset i Kina skapar nyheiter over heile verda, men utbruddet er enn så lenge berre eit stort lokalt utbrudd i Kina. 

 

 Jørn-Åge Longva, smittevernoverlege i HMR

- Helse Møre og Romsdal har beredskapsplanar og prosedyrer for å ta imot pasientar med luftvegssymptomer frå området,  seier Jørn-Åge Longva, smittevernoverlege i HMR

Kjem frå Kina

I Wuhan by i Hubei-provinsen i Kina blei det rett før årsskiftet registrert ei rekkje tilfelle av luftveisinfeksjonar knytt til eit lokalt marked. Desse skulle vise seg å vere forårsaka av eit nytt virus i coronavirusfamilien. Det utvikla seg til ein lokal epidemi.

Følgjer situasjonen nøye

I løpet av denne veka blei det bekrefta at det forekjem smitte mellom menneskje. Smitte mellom menneskje har forebels ikkje skjedd utanfor Kina. Tilfelle som er rapportert frå andre land, er personar som har reist frå Hubei til desse landa. Folkehelseinstitusjonane følgjer spent med på situasjonen, som framleis er uoversiktleg.

Er godt førebudd

Smittemåten for coronavirus er dråpesmitte. Dersom ein pasient som har vore i Hubei og har akutte luftveissymptom skulle komme eit av sjukehus i HMR, vil vedkommande likevel bli luftsmitteisolert. For diagnostikk blir det jobba med å lage spesifikke diagnostiske testar for utbruddsviruset. Generelle testar for coronavirusslekten er tilgjengelege for HMR gjennom St.Olavs hospital. 

Kilder for meir informasjon:

Folkehelseinstituttet: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

WHO: https://www.who.int/emergencies/diseases/novel-coronavirus-2019