Hever beredskapsnivået i Helse Møre og Romsdal til gult

Administrerende direktør Øyvind Bakke beslutta torsdag morgen å heve beredskapsnivået til gult.

Møte i kriseleiinga i morges

Møte i kriseleiinga i morges

WHO erklærte onsdag ettermiddag at covid-19 er ein pandemi, og at befolkninga no må forberede seg på at situasjonen vi er i vil ta tid og er den nye normalen.

I Møre og Romsdal har fleire skular og barnehagar no stengt.

I Helse Møre og Romsdal blei det i går kjent at eit innlagt barn på Kristiansund sjukehus har testa svakt positivt på koronavirus.

Les også: Mogleg positiv koronaprøve på innlagt barn ved Kristiansund sjukehus

I kjølvatnet av smittespreiinga i Norge og i Møre og Romsdal, har nå leiinga i helseføretaket beslutta å heve beredskapsnivået til gult.

Gul beredskap blir etablert når det har oppstått ein uavklart situasjon eller det er stor fare for at ein uønska alvorleg hendelse kan inntreffe.

 - I noverande situasjon vil sjukehusa potensielt få stor belasting av smitteførande pasientar med isoleringsbehov i ei eining. Det er då fare for at dei ordinære ressursene ikkje strekk til. Derfor hevar vi beredskapsnivået for å vere i betre stand til å planlegge for dette, seier Bakke.

Konkret vil dette få følgjande konsekvensar:
- planlagt aktivitet vil bli vurdert fortløpande, dette gjeld både kirurgisk aktivitet og poliklinisk aktivitet
- kursaktivitetar innan pasient- og pårørandeopplæring kor pasientgruppar samlast fysisk blir utsatt eller avlyst
- det vil bli ytterligare restriksjonar i reise- og møteaktivitet for tilsette

Helseføretaket innførte onsdag restriksjonar når det gjeld besøk på sjukehusa og institusjonane.

-Vi ber pårørande unngå besøk inne på sjukehusa om det ikkje er heilt nødvendig. Vi ber besøkande som har eit særskilt behov om å ta kontakt med avdelinga før dei kjem. Dette gjer vi for å redusere risikoen for smitte inne på sjukehusa, seier fagdirektør Torstein Hole.

Det samme gjeld for fødande, som no kun får ha besøk av partnar.

Les heile saka her: Skal du besøke eit av våre sjukehus?

Sjå også Helse Møre og Romsdal si ressursside for koronavirus.