Ikkje handhelsing eller klemming

God handhygiene er viktig for å begrense smitte. Helse Møre og Romsdal råder tilsette og andre i sjukehuset om ikkje å handhelse eller klemme når dei møtast, i tillegg til grundig og ofte handvask.



Dette gjeld både i og utanfor behandlingssituasjon.
– Det er viktig for oss å vere føre var og gjere tiltak som kan hindre smittespreiing, seier fagdirektør Torstein Hole i Helse Møre og Romsdal.
Helse Møre og Romsdal støttar seg på anbefalingar frå Helsedirektoratet, som rådar alle aktørane i helse- og omsorgstenesta om å finne alternative løysingar til håndhilsning.

Dette gjeld også for pasientar og andre besøkande.
– Det er klokt at vi alle i ulike sammenhengar utviser større forsiktigheit med handhelsing og klemming, skriv Helsedirektoratet på sine nettsider.


Kva kan du gjere i staden for å handhelse?
I situasjonen med koronasmitte, råder Helse Møre og Romsdal om at du nøyer deg med eit hei, bukk eller vink.
Helse Møre og Romsdal anbefaler alltid god hoste- og handhygiene. Sjå informasjon fra Folkehelseinstituttet på biletet under: